Bandet Lockerbie
Lockerbie er eit islandsk postrockband frå Reykjavík, som speler melodisk draumepop, blanda med kraftfull post-rock. Bandet kom saman i januar 2008, beståande av Pálsson, Sigurðsson, Rúnarsson og Hólm, som var gamle barndomsvener.[1][2] Det femte medlemet, Hafsteinn Þráinsson, blei med i Lockerbie våren 2013.[1]
Lockerbie | |||
Opphav | Reykjavík på Island | ||
---|---|---|---|
Aktiv | 2008– | ||
Sjanger | |||
Plateselskap | Record Records Kapitän Platte | ||
Medlemmer | Davíð Arnar Sigurðsson Þórður Páll Pálsson Guðmundur Hólm Rúnar Steinn Rúnarsson Hafsteinn Þráinsson |
Eventyret for Lockerbie begynte då éin av songane deira blei vald ut som sigerslåt av Stúdió Sýrlands og radiokanalen Rásar 2.[3] Bandet komponerte og jobba med musikk i nesten to år, og gav ut debutalbumet Ólgusjór 7. juni 2011.[3]
Diskografi
endreMedlemer
endre- Þórður «Doddi» Páll Pálsson – vokal, elektrisk gitar, akustisk gitar, orgel og klokkespel
- Guðmundur Hólm – bass og kor
- Davíð Arnar Sigurðsson – xylofon, piano, orgel, klokkespel, akustisk gitar og kor
- Rúnar Steinn Rúnarsson – slagverk og perkusjon
- Hafsteinn «Haffi» Þráinsson – elektrisk gitar[4]
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 Heimesida til bandet lockerbie.is Arkivert 2016-09-16 ved Wayback Machine. henta 18. desember 2015
- ↑ Vanosi, Anna (2011), «Lockerbie: Best friends' band from Iceland», Reykjavik Boulevard, arkivert frå originalen 19. september 2016, henta 1. september 2016
- ↑ 3,0 3,1 Harðar, Egil (red.) (20. juni 2011), «Lockerbie gefur út sína fyrstu breiðskífu», rjominn.is, henta 1. september 2016
- ↑ Pamflett i vinylutgåva av Ólgusjór (2011)