Nazareth
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Nasaret.
Nazareth er eit skotsk hardrockband skipa i Dunfermline i 1968. Gruppa hadde ei stordomstid på midten av 1970-talet med arenarock-hitlåtar som balladecoveret sitt av «Love Hurts» og songane «Hair of the Dog» og «This Flight Tonight».[1][2][3]
Nazareth | |||
| |||
Aktiv | 1968– | ||
---|---|---|---|
Sjanger | hardrock, tradisjonell metal | ||
Plateselskap | Eagle Records | ||
Medlemmer | Jimmy Murrison Pete Agnew Lee Agnew Carl Sentance |
Gruppa blei skipa i desember 1968 av attverande medlemmar frå den halvprofesjonelle lokale gruppa The Shadettes, som var blitt danna i 1961. Vokalisten var Dan McCafferty, gitaristen Manny Charlton, bassisten Pete Agnew og trommeslagaren var Darrell Sweet.[4] Gruppa var inspirert av The Beatles og The Rolling Stones.[5] Dei tok namnet Nazareth frå Nazareth i Pennsylvania, som er omtalt i fyrstelinja til The Band-songen «The Weight» («I pulled into Nazareth, was feelin' about half past dead...»).[4]
Nazareth flytta frå Skottland til London i England i 1970, og gav ut det eponyme debutalbumet sitt i 1971.[4] Etter å ha fått ein del merksemd for det andre albumet sitt Exercises frå 1972, varma Nazareth opp for Deep Purple på turné, og gav ut Razamanaz, produsert av Roger Glover, tidleg i 1973.[4] Frå dette fekk dei to hittsinglar på ti på topp-lista, «Broken Down Angel» og «Bad Bad Boy».[4] Loud 'N' Proud følgde seint i 1973, med ein coverversjon av Joni Mitchell sin song «This Flight Tonight» som også blei ein hitt.[4]
Kjelder
endre- ↑ Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 388. ISBN 1-904994-10-5.
- ↑ Strong, Martin C. (2000). The Great Rock Discography (5th utg.). Edinburgh: Mojo Books. s. 681–682. ISBN 1-84195-017-3.
- ↑ «CD: Nazareth: Golden Hits (2004)». En.imusic.dk. Henta 3 August 2011.
- ↑ 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 Roberts, David (1998). Guinness Rockopedia (1st utg.). London: Guinness Publishing Ltd. s. 284. ISBN 0-85112-072-5.
- ↑ Pete Agnew compares Nazareth and Aerosmith with The Beatles and The Rolling Stones.
- Denne artikkelen bygger på «Nazareth» frå Wikipedia på svensk, den 3. januar 2019.
- Denne artikkelen bygger på «Nazareth (band)» frå Wikipedia på engelsk, den 3. oktober 2022.