Love Hurts
Love Hurts Song av The Everly Brothers frå albumet A Date with The Everly Brothers | ||
Utgjeve | 1961 | |
Innspelt | Juli 1960 | |
Sjanger | Country | |
Lengd | 2:22 | |
Selskap | Warner Bros. | |
Komponist | Boudleaux Bryant | |
Tekstforfattar | Boudleaux Bryant | |
Låtskrivar(ar) | Boudleaux Bryant |
---|
«Love Hurts» er ein song skriven av Boudleaux Bryant. Han vart først spelt inn av The Everly Brothers i juli 1960, men vart særs kjend i 1975 då han vart ein internasjonal hit med hardrockbandet Nazareth og med Jim Capaldi same året.
Songen vart introdusert i desember 1960 på albumet A Date with The Everly Brothers, men vart ikkje gjeven ut på singel av dei. Den første hitversjonen av songen hadde Roy Orbison, som fekk songen spelt på australsk radio og nådde topp 5 på den australske countrysong-lista i 1961. Ei innspeling av Emmylou Harris og Gram Parsons vart gjeven ut på det posthume albumet til Parsons, Grievous Angel. Etter Parsons døydde i 1973 brukte Harris å spele songen fast på konsertane sine. Harris har sidan spelt inn songen to gonger.
Den mest suksessrike innspelinga av songen vart gjort av hardrockbandet Nazareth, som nådde topp 10 med songen i USA i 1975 og toppen av singellistene i Noreg og Nederland. I Storbritannia vart den mest suksessrike versjonen av songen spelt inn av det tidlegare Traffic-medlemmet Jim Capaldi, som nådde fjerdeplassen på singellista der i november 1975. Songen vart òg spelt av Cher i 1975 for albumet Stars. Cher spelte inn songen på ny i 1991 for albumet hennar med same namn. Rod Stewart spelte inn songen i 2006 for albumet Still the Same... Great Rock Classics of Our Time som låg på toppen av albumlista Billboard 200.
Roy Orbison-versjonen
endreRoy Orbison spelte inn «Love Hurts» i 1961 og gav han ut som B-side til «Running Scared». Medan «Running Scared» var ein internasjonal hit, vart B-sida berre stor i Australia. Derfor står singelen oppført som ei dobbel A-side i Australia i lag med «Running Scared». Begge sidene nådde femteplassen på lista der. Dette gjer innspelinga til Orbison den første hitversjonen av songen.
Liste (1961) | Plassering |
---|---|
Australia | 5 |
Jim Capaldi-versjonen
endreLove Hurts av Jim Capaldi frå albumet Short Cut Draw Blood | ||
B-side |
«Sugar Honey» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1975 | |
Innspelt | 1975 | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 3:30 | |
Selskap | Island | |
Komponist | Boudleaux Bryant | |
Tekstforfattar | Boudleaux Bryant | |
Låtskrivar(ar) | Boudleaux Bryant | |
Produsent | Steve Smith | |
Jim Capaldi-kronologi | ||
«It's All Up to You» (1974) |
Love Hurts | «Goodbye Love»(1976)
|
Jim Capaldi nådde fjerdeplassen på den britiske singellista med si tolking av «Love Hurts» i november 1975, som var den høgaste singelplasseringa han klarte i karrieren.[1] Denne versjonen vart av Rolling Stone skildra som «å ha ei kjensle av smerte som er særs forskjellig frå Orbison sin versjon»,[2] og singelen nådde òg singellista i USA,[3] Tyskland,[4] og Sverige.[5]
Liste (1975) | Plassering |
---|---|
Tyskland | 42 |
Sverige | 16 |
Storbritannia | 4 |
USA | 97 |
Nazareth-versjonen
endreLove Hurts av Nazareth frå albumet Hair of the Dog | ||
B-side |
«Hair of the Dog» (Nord-Amerika), «Down» (Europa) | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1974 (Europa); 1975 (USA) | |
Innspelt | 1974 | |
Sjanger | hardrock | |
Lengd | 3:03 (USA), 3:53 (EuropA) | |
Selskap | Mooncrest, A&M (U.S.), Vertigo (Europa) | |
Komponist | Boudleaux Bryant | |
Tekstforfattar | Boudleaux Bryant | |
Låtskrivar(ar) | Boudleaux Bryant | |
Produsent | Manny Charlton | |
Nazareth-kronologi | ||
«This Flight Tonight» (1973) |
Love Hurts | «Shanghai'd in Shanghai» (1974)
|
Nazareth sin versjon vart framført som ein rockeballade og var den mest populære utgåva av «Love Hurts». Han vart ein hittsingel i USA med ein åttandeplass på Billboard Hot 100 tidleg i 1976. Billboard rangerte songen på 23. plassen for 1976.[6] Som ein del av «Hot Tracks (EP)» nådde han òg 15. plassen i Storbritanna i 1977.[7] Nazareth-versjonen vart ein internasjonal hit og gjekk mellom anna til topps i Canada, Sør-Afrika og Noreg. Nazareth-versjonen var så populær i Noreg at han låg inne på VG-lista, som då berre var ei topp 10-liste i heile 61 veker, inkludert 14 veker på førsteplassen. Dette gjer singelen til den største nokon gong i Noreg.[8]
Ei seinare innspeling av Nazareth med München filharmoniske orkester nådde 89. plassen i Tyskland.
Teksten på songen vart verande uendra fram til Nazareth-versjonen, der linja «love is like a stove/it burns you when it's hot» vart endra til «love is like a flame/it burns you when it's hot». Nazareth-versjonen er nytta i filmane Dazed and Confused, Detroit Rock City, Together, Click og Halloween. Han vart nytta i ein reklamar for Gatorade, Southwest Airlines, Molson, Nissan (for Altima), Zurich og Toyota i Australia.
Lister og salstrofé
endreVekeslister
endreListe (1975) | Plassering |
---|---|
Australia | 8 |
Austerrike | 11 |
Belgia | 1 |
Canada | 1 |
Danmark | 2 |
Euro Hit 50 | 3 |
Tyskland | 30 |
Nederland | 1 |
New Zealand | 4 |
Noreg | 1 |
Sør-Afrika | 1 |
Sverige | 6 |
Storbrtiannia | 15 |
USA | 8 |
Årslister
endreListe (1975) | Plassering |
---|---|
Sør-Afrika | 3 |
Liste (1976) | Plassering |
Australia | 45 |
Belgia | 10 |
Canada | 14 |
Nederland | 3 |
U.S. Billboard Hot 100 | 23 |
For alle tider
endreListe | Plassering |
---|---|
Noreg[8] | 1 |
Cher-versjonen
endreLove Hurts av Cher frå albumet Love Hurts | ||
B-side |
«One Small Step» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1991 | |
Innspelt | 1991 | |
Sjanger | Poprock | |
Lengd | 4:07 | |
Selskap | Geffen | |
Komponist | Boudleaux Bryant | |
Tekstforfattar | Boudleaux Bryant | |
Låtskrivar(ar) | Boudleaux Bryant | |
Produsent | Richie Zito | |
Cher-kronologi | ||
«Save Up All Your Tears» (1991) |
Love Hurts | «Could've Been You» (1992)
|
Cher spelte òg inn songen i 1975, men fekk ikkje ein hitt då. Ho spelte songen inn på ny i 1991 og denne vart ein mindre hit i USA, men igjen slo han til i Noreg.
Liste (1991) | Plassering |
---|---|
Noreg | 2 |
Polen | 21 |
UK Singles Chart[9] | 43 |
Andre versjonar
endreArtist | Utgjeve | Album | Merknad | |
---|---|---|---|---|
Roy Orbison | Mars 1961 | Crying (Mai 1962) | B-side av «Running Scared» | |
Phi-Mu Washboard Band | 1962 | ...Just Because (1962) | ||
Mark Wynter | August 1964 | A-side | ||
The Liverbirds | 1965 | Star-Club Show 4 | innspeling for debutalbumet. | |
The Who | Konsertar 1965-1967 og 1989 | |||
Jimmy Webb | 1972 | Letters | ||
Gram Parsons og Emmylou Harris | 1974 | Parsons-albumet Grievous Angel | ||
Nazareth | 1975 | Hair of the Dog | Vart ein stor hit | |
Cher | 1975 | Stars | Produsert av Jimmy Webb | |
Jim Capaldi | Oktober 1975 | Short Cut Draw Blood | Nådde 4. plassen i Storbritannia | |
Grupo Yndio | 1976 | Herida de Amor | Mexicansk gruppe | |
Jennifer Warnes | 1977 | Debutalbumet Jennifer Warnes | ||
Journey | 1978 | Radioshowet King Biscuit Flower Hour | ||
Don McLean | 1981 | Believers | ||
Elaine Paige | 1985 | Love Hurts | ||
Nicolette Larson | 1988 | Shadows of Love | ||
Joan Jett | 1990 | The Hit List | Nådde lista i Ukraina | |
Bad Romance | 1991 | Code Of Honor | ||
Cher | 1991 | Love Hurts | Vart ein hit i Europa | |
Veronique | 1991 | Jugoslavisk band. Vart ein stor hit i heimlandet. | ||
Kim Carnes | 1992 | Filmmusikk for Private Lessons II | ||
Paul Young | 1993 | Best Ballads | ||
Robert Pollard med Kim Deal | 1994 | Filmmusikk for Love and a .45 | ||
Heart | 1995 | The Road Home | Konsert | |
Corey Hart | 1996 | Corey Hart | ||
Pat Boone | 1997 | In a Metal Mood: No More Mr. Nice Guy | Coverversjon | |
Emmylou Harris | 1998 | Spyboy | Eit konsertalbum | |
Stina Nordenstam | 1998 | People Are Strange | 33 sekundar lang versjon | |
Little Milton og Lucinda Williams | 1999 | Welcome to Little Milton | ||
Juice Newton | 1999 | American Girl | ||
Deacon Blue | 1999 | Walking Back Home | ||
Smokie | 2000 | Uncovered | ||
Sally Jones | 2001 | Love Hurts | bluegrass | |
That '70s Show-besetninga | 2002 | That '70s Musical, ein episode av That '70s Show | ||
Sinéad O'Connor | 2003 | She Who Dwells | Irsk songar | |
Robin Gibb | 2003 | Magnet | A modern R & B version which closes this solo album | |
Lee Kernaghan & Catherine Britt | 2003 | Electric Rodeo 2 | Australian countryartistar[10] | |
J.C. Lodge | 2004 | Reggae Country 2 | A reggae version of this classic | |
Keith Richards and Norah Jones | 2005 | Return to Sin City | DVD tribute concert for Gram Parsons. | |
Éric Goulet under the name «Monsieur Mono" | 2005 | Pleurer la mer morte | French version | |
Triumph | 2005 | Livin' for the Weekend: Anthology | Triumph covered this back in 1991 however, the spor has only recently surfaced on Livin' for the Weekend: Anthology | |
Darren Smith Band | 2005 | Keep the Spirit Alive | ||
Bonnie Bramlett | 2006 | Roots, Blues, and Jazz | ||
Rod Stewart | 2006 | Still the Same... Great Rock Classics of our Time | ||
Paul Noonan from Bell X1 and Lisa Hannigan | ||||
L.I.N.E. | 2008 | Dutch band L.I.N.E. covered this song in 2008. It is in 6/8 time, which is quite different from all other known covers. | ||
Jason Donovan | 2008 | «Let It Be Me» | ||
Leo Sayer | 2008 | «Singles As & Bs" | ||
Jenny Lewis | 2009 | På radioprogrammet World Café | ||
Nan Vernon | 2009 | Halloween 2 | ||
Jim Guthrie | 2010 | Now, More Than Ever (Extended Edition) | ||
Doug Howell | 2010 | Jimmy & Me - Song Descriptions from a Master | ||
Carrie Rodriguez | 2010 | We Still Love Our Country | Carrie Rodriguez og Ben Kyle | |
Jann Arden | 2011 | Uncover Me 2 | ||
Melinda Schneider & Beccy Cole | 2014 | Great Women of Country and the Songs That Made Them | Australsk countryartist[11] |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Love Hurts» frå Wikipedia på engelsk, den 21. februar 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Jim Capaldi in the UK charts, The Official Charts. Henta Henta.
- ↑ Marsh, Dave (11 March 1976). Album review, arkivert frå originalen 30. april 2009, henta 21. februar 2015, Rolling Stone.
- ↑ Jim Capaldi in the Billboard charts, Allmusic. Henta Henta.
- ↑ «Chartverfolgung / Jim Capaldi / Single». Music Line (på tysk). Tyskland: Media Control Charts. Arkivert frå originalen 9. mars 2014. Henta 28. september 2011.
- ↑ «Love Hurts» in the Swedish charts, swedishcharts.com. Henta 21. februar 2015.
- ↑ Billboard Year-End Hot 100 singles of 1976
- ↑ Roberts, David (2006). British Hit Singles & Album (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 388. ISBN 1-904994-10-5.
- ↑ 8,0 8,1 «BEST OF ALL TIME - SINGLES». VG-lista. Hung Medien. Henta 21. februar 2015.
- ↑ UK Singles Chart [1] . Henta 31. oktober 2010.
- ↑ https://www.youtube.com/watch?v=KAF60WECF8c
- ↑ https://itunes.apple.com/au/album/great-women-country-songs/id916890503
Bakgrunnsstoff
endre
Føregangar «Ding-a-Dong» Teach In |
Toppen av VG-lista Nazareth 14 veker, veke 25–38, 1975 |
Etterfylgjar «Paloma Blanca» George Baker Selection |