Indra
Indra (sanskrit इन्द्र) er ein vedisk gud som tidlegare var svært viktig innan hinduismen. Han er kongen av devaene og Himmelen, med krig og vêr, særleg regn og torevêr, som sine viktigaste område. I dag er ikkje guden tilbeden, men han er framtredande i mange hindumyter, og 250 hymne i Rigvedaen — ein fjerdedel — er tileigna han.
Indra svarar til Tor i norrøn gudetru og til Zevs og Jupiter i gresk og romersk mytologi. Medan han i dag er erstatta av gudar som Sjiva og Visjnu, tok han sjølv plassen til dei eldre gudane Varuna og Dyaus.
Familie
endreIndra var son av Dyaus og Prithvi og gift med Satsji (Indrani). Dei hadde ungane Djayanta, Midhusa, Nilambara, Rbhus, Rsabha og Sitragupta. I tillegg var Indra far til apekongen Vali, helten Ardjona med Kunti og dei stormfulle marutane med Diti. Han blir òg nemnd som far, men òg som bror, til solguden Surya.
Skildring
endreIndra skal vera stor og kraftig med lange armar og raudleg hår og skjegg — men mange statuar av han er skjegglause. Han rir elefanten Airavata og held våpenet vadjra, ein torekile.
Guden held til på toppen av fjellet Meru, i Svarga, som er å likna med Valhall eller Himmelen. Han drikk gjerne den heilage drikken soma, som hjelper han til å utføra heltedådar.
Soger
endreDet største verket til Indra var å drepa den demonske draken Vritra, som hadde teke til seg alle dei viktige levemidla i verda, som lys, vatn og kyr.
Guden opptrer òg i audmjukande forteljingar. I Ramayana blir det fortald at han, ved å forkle seg som mannen hennar, hadde samleie med den vakre Ahalya. Ektemannen Gautama kom tilbake og oppdaga Indra, fortsatt forkledd, på veg ut. Ettersom Gautama var ein mektig rishi hadde han makt til å forbanna Indra og gjorde det — ved å gje han tusen kvinnelege kjønnsorgan over heile kroppen. Desse blei seinare forandra til auge.
Indra i andre religionar
endreIndra er kjend som Thagyamin, kongen av nat-åndene i burmesisk tradisjon. og som Taishakuten i japansk gudetru, der han er ein viktig vernargud.
Bakgrunnsstoff
endreKjelder
endre