Bantuekspansjonen

Bantuekspansjonen viser til utbreiinga av bantufolk i Afrika gjennom fleire tusenår med vandring, og er ein særs viktig prosess i afrikansk historie. Talarar av proto-bantuspråk oppstod i dagens Kamerun og Nigeria, og utvandringa ser ut til å ha byrja etter innføringa av landbruk, det vil seia rundt 3000–2500 f.Kr. for den første ekspansjonen i Vest-Afrika. Frå rundt 1500-1000 f.Kr. følgde vidare utvandring austover og sørover frå dette området. Bantufolk fortsette koloniseringa sørover, og hadde slått seg ned i dagens Sør-Afrika frå rundt år 0.

1. Opphav (3000-1500 f.Kr.)
2. Dei første vandringane (1500 f.Kr.)
        2.a Austre bantu, 2.b Vestre bantu
3. Urewekjerna frå austre bantu.
4. - 7. Sørleg vandring
9. Kongokjerna (500 f.Kr. - 0)
10. Siste fasen (0 - 1000)[1] [2] [3]

Bantuekspansjonen førte til utbreiing av språk og utveksling av kunnskap. Etterkvart oppstod nye folke- og samfunnsgrupper, ofte gjennom blanding gjennom giftarmål. Bantufolk hadde fleire fordelar i høve til tidlegare innvånarar. Kjennskapen til landbruk og metallurgi gjorde at dei kunne slå seg ned i område med ulike tilhøve og bu mykje tettare enn jegerar og sankarar. Dei fortrengde khoisanfolk, hadzaer og sandawifolk som levde på denne måten med steinvåpen. I austre og sørlege Afrika lærte bantufolk om husdyrhald frå folk dei møtte, og spreidde denne kunnskapen vidare til jegerar og sankarar.

Den tettare folkesetnaden av bantufolk gjorde det mogleg å danna større rike, som Mutapariket ved Zambezielva, som stod bak bygginga av Stor-Zimbabwe. I Sør-Afrika stod zululeiaren Shaka bak danninga av eit større rike på 1800-talet.

Kjelder

endre
Fotnotar
  Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.