Zambezi
Zambezi (òg skrive Zambesi) er den fjerde lengste elva i Afrika og den største elva som munnar ut i Indiahavet frå Afrika. Ho har eit nedslagsfelt på 1,39 millionar kvadratkilometer, og er om lag halvparten så lang som Nilen, kring 3540 km lang. Ho spring ut i Zambia og renn gjennom Angola, langs grensa mellom Namibia, Botswana, Zambia igjen og Zimbabwe, til Mosambik, der ho munnar ut i Indiahavet.
Zambezi | |||
elv | |||
Zambezi og nedslagsfeltet hennar
| |||
Land | Zambia, Kongo-Kinshasa Angola, Namibia Botswana, Zimbabwe Mosambik, Malawi Tanzania | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 1 390 000 km² | ||
Lengd | 2 574 km | ||
Middelvassføring | 3 400 m³/s | ||
Kjelde | Nær Mwinilunga i Zambia | ||
• høgd | 1 500 moh. | ||
Munning | Indiahavet | ||
Zambezi 11°22′13″S 24°18′30″E / 11.3702°S 24.3083°E | |||
Wikimedia Commons: Zambezi |
Det mest spektakulære området av Zambezi er Victoriafalla. Andre kjende fall eller fossar er Chavumafalla ved grensa mellom Zambia og Angola og Ngonyefalla, nær Sioma i Vest-Zambia.
Det er to vasskraftverk og demningar i elva. Desse er Kariba-dammen, forsyner Zambia og Zimbabwe med elektrisitet, og Cahora Bassa i Mosambik, som gjer elektrisitet til Mosambik og Sør-Afrika. Det finst òg eit mindre vasskraftverk ved Victoriafalla.
Bakgrunnsstoff
endre- Informasjon og kart over nedslagsfeltet Arkivert 2005-04-08 ved Wayback Machine.
- Zambezi River Authority Arkivert 2012-10-25 ved Wayback Machine.
- The Zambezi Society