Barnabas
kypriotisk prest
Barnabas (gresk Βαρναβᾶς, Barnabâs) var ein framståande tidleg kristen. Han var ein kypriotisk levitt og blei gjeven namnet Barnabas i urkyrkja i Jerusalem (det opphavlege namnet hans var Josef). Han gjekk god for Paulus i forsamlinga i Jerusalem etter å ha blitt overtydd om at Jesus hadde snakka til Paulus.[1] Det herska stor tvil til Paulus i forsamlinga sidan han tidlegare hadde forfølgt kristne. Barnabas blei seinare med på den fyrste misjonsreisa til Paulus, og blei ifølgje folketrua steina til døde i 61 for den kristne trua si.
Barnabas | |||
Ikon av Barnabas frå Salamis på Kypros. | |||
Fødd | 1. hundreåret | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Salamis | ||
Daud | 61 | ||
Dødsstad | Salamis | ||
Yrke | presbyter | ||
Helgendag | 11. juni |
Barnabas apostel (òg kalla Barnabas ap eller Barnabas, apostel og martyr) er ein merkedag som blir feira 11. juni eller 11. april til minne om Barnabas.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Barnabas» frå Wikipedia på bokmål, den 17. november 2023.