Illustrasjon frå A system of obstetrics (1888)

Barnefødsel er ein fødsel hjå menneske. Han markerer slutten av eit svangerskap og byrjinga av barseltida. Den gjennomsnittlege tida på eit svangerskap er 283, rekna frå første dag av den siste menstruasjonen før svangerskapet. Ein fødsel kan likevel vera til termin om han føregår mellom veke 37 og veke 42 av svangerskapet.[1]

Ein fødsel kan føregå gjennom skjeden med eller utan hjelpemiddel, eller gjennom eit kirurgisk inngrep kalla keisarsnitt. Den vanlegaste forma av gjennom skjeden (vagina).[2] Denne har tre fasar: Livmorhalsen blir forkorta og utvida, barnet går gjennom fødselskanalen og blir fødd, og morkaka kjem ut.[3] Første stadium tek typisk 12-19 timar, andre stadium typisk 20 minutt til to timar, og tredje stadium 5-30 minutt.[4]

Første fase av ein fødsel byrjer gjerne med magekramper eller ryggsmerter som varer rundt eit halvt minutt og opptrer kvart 10. til 30. minutt.[3] Kjenslene auker i styrke og kjem tettare saman over tid.[4] Når fødselsriene byrjer kan det førekoma ei «teikningsbløding», litt slim med blod i seg slim som kjem frå livmorproppen og løysna fosterhinner. Fostervatnet kan også renna ut («vatnet går») før riene er heilt i gang.[1]

I det andre stadiet eller utdrivingsfasen blir fosteret ført nedover i fødselskanalen av veene eller riene, og den fødande kan trykka.[4] Etter at barnet blir fødd er det framleis forbunde til mora gjennom navlestrengen. Denne blir etter kvart skoren av.

Deretter byrjar etterbyrdfasen. I denne fasen blir morkaka (placenta) født. Livmoren vil byrja å trekka seg saman etter fødselen, og morkaka løsnar. Morkaka vil bli pressa nedover mot livmoropninga.

Tryggleik og hjelpEndra

 
Menneske føder ofte med hjelp. Illustrasjon frå eit arabisk manuskript av Yahyâ ibn Mahmûd al-Wâsitî frå 1237.

Ein fødsel set både mor og barn i ei utsett stilling. Barselkvinner liker gjerne selskap under førstedelen av ein fødsel, og ro under andre. Kunnskap om og ei kjensle av kontroll over det som skjer kan òg letta fødselen.[5]

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 Nesheim, Britt-Ingjerd (9. november 2018). «fødsel». Store medisinske leksikon (på norsk). 
  2. Memon HU, Handa VL (May 2013). «Vaginal childbirth and pelvic floor disorders». Women's Health 9 (3): 265–77; quiz 276–77. PMC 3877300. PMID 23638782. doi:10.2217/whe.13.17. 
  3. 3,0 3,1 «Birth». The Columbia Electronic Encyclopedia (6 utg.). Columbia University Press. 2016. Arkivert frå originalen 2016-03-06. Henta 30. juli 2016 – via Encyclopedia.com. 
  4. 4,0 4,1 4,2 «Pregnancy Labor and Birth». Women's Health. 27. september 2010. Arkivert frå originalen 28. juli 2016. Henta 31. juli 2016. The first stage begins with the onset of labor and ends when the cervix is fully opened. It is the longest stage of labor, usually lasting about 12 to 19 hours [...] The second stage involves pushing and delivery of your baby. It usually lasts 20 minutes to two hours. 
  5. Helse Fonna 2009
Bibliografi

  Denne medisinartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.