Morkake

organ som fester fosteret til livmorveggen

Morkake (placenta) er eit organ som fosteret får næring frå hos dei aller fleste pattedyr. Nokre krypdyr og enkelte haiar har ein tilsvarande struktur, der plommesekken er i fysisk kontakt med livmorveggen og fungerer som ei morkake.[1][2]

Morkake

Morkake frå menneske slik ho ser ut eit par minutt etter fødselen. Sida som vender opp var vend mot barnet. Navlestrengen er synleg oppe til høgre. Undersida var festa til livmorveggen. Det kvite som ligg omkring er restane etter fostersekken som omkransa fosteret.
Klassifikasjonar og ressursar
MeSHD010920

Morkaken består av vev frå både embryo og mora. Navlestrengen blir utvikla og koplar embryoet til placenta. Dette sambandet har to arteriar og ei vene. Navlestrengarteriane forbind embryo til eit nettverk av blodårer som syter for tilførsel av oksygen og næringsstoff frå mora til fosteret, og avfallsstoff blir returnerte frå fosteret til mora gjennom vena.[3]

Kjelder endre

  1. Hayssen, V. & Blackburn, D.G. (1985): Alpha-Lactalbumin and the origins of lactation. Evolution no 39: side 1147-1149.
  2. Sharks and rays Arkivert 2009-09-17 ved Wayback Machine., faktaark fra Australian Marine Conservation Society
  3. The Placenta, fra gynob.com, med utdrag fra Williams Obstetrics, 18. utg, F. Gary Cunningham, M.D., Paul C. MacDonald, M.D., Norman F. Grant, M.D., Appleton & Lange, Publishers.