Barokkpop
Barokkpop (stundom kalla barokkrock) er ein blandingssjanger som kombinerer rock med visse element av klassisk musikk.[4][2][3] Han dukka opp midt i 1960-åra då artistar prøvde å skape ein majestetisk, orkesteraktig stil,[2] og kan identifiserast ved at det vert nytta barokk-aktige komposisjonsstilar (kontrapunktiske melodiar og mønster med funksjonsharmoniar) og dramatiske eller melankolske fakter.[1] Cembalo vert ofte nytta i denne sjangeren,[5][3] i lag med obo, valthorn og strykekvartettar, som òg er vanlege.[3]
Barokk rock/pop | |||
Eit elektrisk cembalo | |||
Stilmessig opphav | |||
---|---|---|---|
Kulturelt opphav | 1960-åra, USA og Storbritannia | ||
Typiske instrument | |||
Avleidde former | |||
Andre emne | |||
Sjølv om cembalo var blitt nytta på ei rekkje pophittar sidan 1940-åra, byrja somme produsentar i 1960-åra å plassere instrumentet i framgrunnen i arrangementa sine.[5] Dels inspirert av The Beatles-songen «In My Life» (1965), byrja forskjellige grupper å bruke barokkinstrument og klassiske instrument i 1966.[6] Omgrepet «barokkrock» vart nytta i marknadsføringa av The Left Banke, som brukte cembalo og fiolin i arrangementa sine.[7] Eit døme på dette er songen deira «Walk Away Renée» frå 1966.[5][8]
Barokkpop vart mindre populært i 1970-åra etter kvart som punkrock, disco og hardrock tok over, men musikkstilen heldt likevel fram.[8] Philadelphia soul i 1970-åra og kammerpop i 1990-åra var begge inspirert av barokkpop,[2] medan sistnemnde òg bestod av lo-fi-estetikken i musikken på den tida.[9]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Baroque pop» frå Wikipedia på engelsk, den 2. september 2019.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Hawkins, Stan (2015). Queerness in Pop Music: Aesthetics, Gender Norms, and Temporality. Routledge. ISBN 978-1-317-58972-3.
- Unterberger, Richie (2014). Urban Spacemen & Wayfaring Strangers: Overlooked Innovators & Eccentric Visionaries of '60s Rock. BookBaby. ISBN 978-0-9915892-4-1.[daud lenkje]
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 1,7 1,8 Hawkins 2015, s. 193.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 2,7 2,8 «Baroque pop». AllMusic.
- ↑ 3,0 3,1 3,2 3,3 Smith, Steve (29. november 2012). «Steve Smith: Wyman and Taylor join the Rolling Stones onstage; Coldplay takes a break». Pasadena Star-News. Arkivert frå originalen 3. desember 2012.
- ↑ Jackson 2015, s. 22.
- ↑ 5,0 5,1 5,2 Guerrieri, Matthew (January 22, 2016). «Via Spector and serendipity, the harpsichord invaded pop». The Boston Globe.
- ↑ Gendron 2002, s. 174, 343, various groups using baroque instrumentation in early 1966; Harrington 2002, s. 191, baroque rock inspired by «In My Life»
- ↑ Unterberger 2014, s. 416.
- ↑ 8,0 8,1 Stanley, Bob (September 21, 2007). «Baroque and a soft place». The Guardian.
- ↑ «Chamber pop». AllMusic.