Bartlesville i Oklahoma

Bartlesville er ein amerikansk by som ligg i Washington County i Oklahoma. Ved folketeljinga i 2020 var folketalet 37 290.[2] Byen dekkjer eit areal på 58,99 km². Caney River renn gjennom Bartlesville.

Bartlesville
by
Land  USA
Stat Oklahoma
Fylke Washington County
Areal 58,988275 km²
Folketal 37 290 (1. april 2020)[1]
Kart
Bartlesville i Oklahoma
36°44′50″N 95°57′34″W / 36.747222222222°N 95.959444444444°W / 36.747222222222; -95.959444444444
Plassering i Oklahoma.
Plassering i Oklahoma.
Plassering i Oklahoma.
Wikimedia Commons: Bartlesville, Oklahoma

Bartlesville ligg 47 mile (76 km) nord for Tulsa og 18 mile (29 km) sør for delstatsgrensa til Kansas. Han er administrajsonsstad for Washington County.[3] Ein del av busetnaden i Bartlesville ligg i nabofylket Osage County.

Bartlesville er kjend som langvarig hovudkvarter for Phillips Petroleum Company. Frank Phillips grunnla Phillips Petroleum i Bartlesville i 1905 då området framleis var Indian Territory. Selskapet blei slått saman med Conoco til ConocoPhillips og seinare delt opp att i to ulike føretak, Phillips 66 og ConocoPhillips. Begge føretaka har halde noko av verksemda i Bartlesville, men dei har flytta hovudkontora til Houston i Texas.

Området er ein av to stader i Oklahoma der ein lenapestamme bur, den andre er i Anadarko.[4]

Byen har namn etter Jacob Bartles, ein kvit svigerson av lenapehovdingen Charles Journeycake, som flytta hit frå Wyandotte County i Kansas i 1873. Han slo seg fyrst ned ved Silver Lake, ein innsjø sør for dagens Bartlesville. I 1874 opna han ein handelsstasjon og postkontor ved Turkey Creek, i dagens East Bartlesville. Han utvida med å byggja om ei mølle, ei krambu, eit herberge, ei smie og ein stall. Bartles fekk etterkvart også elektrisitet, telefon og vasstilførsel til staden som fyrst blei kjend som «Bartles Town».[5]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 https://data.census.gov/cedsci/table?t=Populations%20and%20People&g=0100000US,%241600000&y=2020; vitjingsdato: 1. januar 2022.
  2. «Census - Geography Profile: Bartlesville city, Oklahoma». Henta 15. desember 2021. 
  3. «Find a County». National Association of Counties. Arkivert frå originalen 12. juli 2012. Henta 7. juni 2011. 
  4. "Delaware (Lenape)." Arkivert 2015-02-25 ved Wayback Machine. USGenWeb. 2. jnuar 2015. Henta 24. februar 2015.
  5. May, Jon D. "Bartlesville." Encyclopedia of Oklahoma History and Culture. Retrieved January 15, 2012.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Bartlesville i Oklahoma