Bartuva (latvisk Bārta) er ei elv vest i Litauen og i Latvia. Elva er 103 km lang der 56 km av ho renn i Litauen og 47 km i Latvia. Bartuva spring ut frå Plungė fylke, 3 km nord for innsjøen Plateliai. Elva renn nordvestover gjennom Skuodas fylke og Skuodas før ho renn inn i Latvia. Bartuva renn ut i Liepājasjøen, som er forbunde til Austersjøen. Dei øvre delane av Bartuvadalen er djup og smal, medan dei nedre delane av elva er mykje breiare.

Bartuva
elv
Bartuva ved Skuodas-Plungė
Land  Litauen,  Latvia
Nedslagsfelt 2 016 km²
Lengd 103 km
Middelvassføring 11,1 /s
Kjelde Plungė fylke
Munning Austersjøen
Kart
Bartuva
56°06′10″N 21°49′51″E / 56.102765°N 21.830934°E / 56.102765; 21.830934
Wikimedia Commons: Bartuva-Bārta

Bartuva sine største sideelvar er Eiškūnas, Erla, Luoba, Apšė og Vartaga.

Kjelde endre