Liepājasjøen (latvisk Liepājas ezers) er den femte største innsjøen i Latvia. Han ligg ved Liepāja i Liepāja fylke. Innsjøen har eit areal på 37,15 km² ei lengd på 16 km, men er ikkje meir enn 2 meter djup.

Liepājasjøen
innsjø
Land  Latvia
Tilsig Bārta, Ālande, Otaņķe
Høgd over havet 0-2 moh.
Lengd 16,2 km
Areal 37,15 km²
Middeldjupn 2,0 m
Største djupn 3,0 m
Kystlengd1 44,6 km
Koordinatar 56°29′N 21°03′E / 56.483°N 21.050°E / 56.483; 21.050
Øyar 13
Byar Liepāja
Kart
Liepājasjøen
56°28′00″N 21°04′00″E / 56.466666666667°N 21.066666666667°E / 56.466666666667; 21.066666666667
Wikimedia Commons: Liepājas ezers
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Liepājasjøen er ein grunn, eutrofisk kystinnsjø der store område av han er dekte av vegetasjon. Rundt innsjøen ligg oversvømde enger og dyrkande mark. Påler og demningar ligg rundt det meste av våtmarksområdet. Ein finn fjorten fiskeartar i innsjøen - gjedde, mort, åbor, brasme, karuss, suter, ål, vimba, lake, karpe, gjørs, nors, skredderkarpe og sørv. Fiske er berre lovleg i mai. Frå 1977 til 1999 var innsjøen eit fuglereservat med to fugleartar – svane og and.

Øyar

endre

Liepāja har 13 øyar og dei viktigaste av desse er Atteku(-as), Zirgu, Pērkona, Putnu (kalva) og Ciānas. På austsida ligg skogen Friča og på vestsida nær Pērkone ligg Reiņuskogen (latvisk Reiņu mežs).

Elvar

endre

Av elvar som munnar ut i innsjøen finn ein Ālande, Bārta, Otaņķe (Brūnupe), Līčupe, Orbupe og Dorupe.

Kjelder

endre