Baryontal er ei tal som syner til ein type ladning som vert nytta til å klassifisere elementærpartiklar eller eit system av slike. Ein kvark har baryontal 1/3 og ein anti-kvark -1/3, slik at eit baryon har baryontal +1 og eit antibaryon -1. Meson som består av ein kvark og ein antikvark har baryontal 0. Leptonane, til dømes elektronet, har òg baryontal 0.

Så langt ein har målt er baryontalet for eit lukka system bevart, men ein mistenker at dette ikkje gjeld eksakt. Ein eller annan så langt hypotetisk teori som sameiner elektrosvak vekselverknad med sterk verkselverknad vil bryte baryontal gjennom ein prosess der eit proton henfaller til eit nøytralt pi-meson og eit positron (anti-elektron). Så langt har ein ikkje observert i eksperiment at protonet er ustabilt.

Kjelder endre