Basalkonglomerat (botnkonglomerat) er eit konglomerat avsett som rullestein og grus på ei gammal landoverflate.[1] Det utgjer ofte den nedste delen av ein geologisk lagserie.[2]

Basalkonglomerat blir danna i byrjinga av den gradvise utbreiinga av eit hav over landoverflata.[2] Konglomeratet er avsett over ein lengre tidsperiode og markerer starten på ein periode med avleiringar av nye sediment.[1]

I Noreg finn ein mellom anna basalkonglomerat på Hardangervidda direkte på grunnfjellet på botn av avleiringar frå kambrium og silur.[1]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 «basalkonglomerat» (26. oktober 2015) i Store norske leksikon, snl.no.
  2. 2,0 2,1 Karl Hårbøl; Jørgen Schack; Henning Spang-Hanssen, red. (1999). «basalkonglomerat». Dansk Fremmedordbog (2 utg.). Gyldendal. Henta 3. april 2018.