Konglomerat i geologi

Konglomerat er ein sedimentær bergart som består av avrunda material som rullestein og grus, samankitta av leire, kalk, kisel eller rust. Konglomerat blir danna av strand- eller elveavsettingar, i nokre tilfelle av morenegrus (morenekonglomerat eller tillitt). Om fragmenta består av same type bergart, får ein eit monogent eller monomikt konglomerat, og om dei er ulike bergartar blir det kalla polygent eller polymikt. I fjellkjedestrøk, der bergartene har vore utsett for svært høgt press og omdanning, er dei opphavleg rundvorne elementa i konglomerata ofte pressa ut til linser og lange stavar (til dømes Bygdin-konglomeratet).

Steinblokk av konglomerat.

Sjå òg endre

Kjelder endre