Basilique de Notre Dame de la Paix

Notre Dame de la Paix i YamoussoukroElfenbeinskysten er det største kyrkjebygget i verda.

Basilique de Notre Dame de la Paix

ArkitektPierre Fakhoury
Kart
Basilique de Notre Dame de la Paix
6°48′40″N 5°17′49″W / 6.8111111111111°N 5.2969444444444°W / 6.8111111111111; -5.2969444444444

Pierre Fakhoury var arkitekt for kyrkja, som mellom anna er inspirert av Peterskyrkja i Roma. Byggearbeidet gjekk føre seg mellom 1985 og 1989, og prislappen blei om lag 250 millionar euro. Pave Johannes Paul II innvigde basilikaen den 10. september 1990. Han ville berre gjera dette om ein òg bygde eit sjukehus i nærleiken av kyrkja, og la ned grunnsteinen for dette. Grunnsteinen ligg framleis åleine på ei tom tomt, og sjukehuset er enno ikkje blitt bygd.

Det var Félix Houphouët-Boigny, den mangeårige ivorianske presidenten, som tok avgjerda om å bygga basilikaen i heimbyen sin, og sørgde for pengestøtte til arbeidet. Presidenten er avbilda i eit glasmåleri inne i kyrkja, like ved Jesus og apostlane, slik at han blir ein slags trettande apostel.

Namn endre

Ei omsetjing av namnet Notre-Dame de la Paix kan vera Vår frue av fred. Notre-Dame (Vår frue) er eit vanleg namn på kyrkjer, geografiske og administrative område og anna der fransk språk er nytta, og viser til Jomfru Maria. Basilique de Notre-Dame de la Paix er altså ei Mariakyrkje.

Vår frue-namn er òg nytta på same eller liknande vis i andre europeiske språk.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Basilique de Notre Dame de la Paix