Bønne
Bønne (norrønt baun,[1] i eldre nynorsk rettskriving bauna eller baune) er ei nemning for frø, skolmer eller planter i bønneslekta (Phaseolus) og nærskylde slekter i erteblomfamilien. Bønner er belgfrukter som dannar ei viktig matkjelde for menneske. Hagebønne (Phaseolus vulgaris) er ei utbreidd matbønne som det finst mange variantar av.[2] Andre utbreidde bønner er prydbønner (Phaseolus coccineus), mungbønner (Vigna radiata), soyabønner (Glycine max) og hestebønner (Vicia faba).[3]
Bønner blir brukte i ei rekkje matrettar, som stuingar, salatar og som snacks. Dei kan etast ferske eller tørkast og lagrast. I moderne tid er også hermetiske bønner blitt vanlege. Spira bønner kan etast som bønnespirer. Også blada kan nyttast til føde.
Bønner inneheld mykje protein, oligosakkarid, folat og jern, i tillegg til å ha mykje kostfiber.[4] Ein del bønner inneheld fytohaemagglutinin, ein type lektin som kan ha negativ helseeffekt.[5] Koking over ei viss tid er nødvendig for å bryta ned dette lektinet. Oligosakkarid som raffinose og stakyose blir ikkje brotne ned ved hjelp av enzym i mennesketarmen, men av bakteriar. Eit biprodukt av denne meltinga er gassar som medfører flatulens (luft i magen).[6][7] Sidan sukker løyser seg opp i vatn kan ein redusera oligosakkarida og den påfølgjande flatulensen ved å hella ut vatnet som bønnene er blitt kokt i. Ein annan metode er fermentering, ettersom gjæren då vil eta opp mykje av oligosakkarida.
«Bønne» kan òg visa til frø som liknar ei bønne, til dømes kaffibønner, kakaobønner og vaniljebønner.[1]
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 «bønne» i Nynorskordboka.
- ↑ «hagebønne» (14. februar 2009) i Store norske leksikon, snl.no.
- ↑ «bønne» (30. desember 2013) i Store norske leksikon, snl.no.
- ↑ Mixed Bean Salad (information and recipe) from The Mayo Clinic Healthy Recipes. Henta februar 2010.
- ↑ «lektin» (10. februar 2017) av Halvor Aarnes i Store norske leksikon, snl.no.
- ↑ Harold McGee (2003). Food and Cooking. Simon & Schuster. s. 486. ISBN 0684843285. «Many legumes, especially soy, navy and lima beans, cause a sudden increase in bacterial activity and gas production a few hours after they're consumed. This is because they contain large amounts of carbohydrates that human digestive enzymes can't convert into absorbable sugars. These carbohydrates therefore leave the upper intestine unchanged and enter the lower reaches, where our resident bacterial population does the job we are unable to do.»
- ↑ Peter Barham (2001). The Science of Cooking. Springer. s. 14. ISBN 978-3-540-67466-5. «we do not possess any enzymes that are capable of breaking down larger sugars, such as raffinose etc. These 3, 4 and 5 ring sugars are made by plants especially as part of the energy storage system in seeds and beans. If these sugars are ingested, they can't be broken down in the intestines; rather, they travel into the colon, where various bacteria digest them – and in the process produce copious amounts of carbon dioxide gas»
- Delar av denne artikkelen bygger på «Bean» frå Wikipedia på engelsk, den 1. mai 2017.
Bakgrunnsstoff
endre- Erter og bønner ved frukt.no