Bayonetta 2 er eit actionspel utvikla av PlatinumGames og utgjeve av Nintendo til Wii U og Nintendo Switch. Spelet er oppfølgjaren til Bayonetta frå 2009, og er regissert av Yusuke Hashimoto og produsert av Atsushi Inaba og Hitoshi Yamagami frå Nintendo, under tilsyn av serieskaparen Hideki Kamiya.

Bayonetta 2
Utviklar(ar)PlatinumGames
Utgjevar(ar)Nintendo
DistributørNintendo eShop
Kreativt ansvarleg(e)Yusuke Hashimoto
Produsent(ar)Atsushi Inaba
ForfattarHideki Kamiya, Bingo Morihashi
SerieBayonetta
Plattform(er)Wii U, Nintendo Switch
UtgjevingWii U:
JP20. september 2014
NA24. oktober 2014
EU24. oktober 2014
Nintendo Switch:
16. februar 2018
SjangerAction
Spelemoduseinspelar, fleirspelar, samarbeid
AldersgrensePEGI 16
Nettstadhttp://bayonetta2.nintendo.com/fr/, https://bayonetta2.nintendo.com/
Del av serien Bayonetta⠀
←Bayonetta  · Bayonetta 3→

Bayonetta 2 vart annonsert 13. september 2012, som ein eksklusiv tittel for Wii U, til skilnad frå det førre spelet som kom ut på både Xbox 360 og PlayStation 3. Spelet bruker dei same stemmeskodespelarane som gav stemme til karakterane i Bayonetta.[1]

Bayonetta 2 vart utgjeve til Wii U i september 2014 i Japan og i oktober i resten av verda. Ei spesialutgåve av spelet inkluderte ei utgåve av det originale spelet Bayonetta som ein separat disk i pakken. Spelet kom ut til Nintendo Switch i februar 2018. Bayonetta 2 fekk positive omtalar, særleg for kampsystemet og dei generelle forbetringane frå det første spelet.[2]

Kjelder endre

  1. «Bayonetta 2 confirmed». Eurogamer. Henta 5. februar 2018. 
  2. «ANMELDELSE: Bayonetta 2». Gamer.no. Henta 5. februar 2018. 

Bakgrunnsstoff endre