Beau Brummels '66
Beau Brummels '66 Studioalbum av The Beau Brummels | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Juli 1966 | |
Innspelt | Mira Sound i New York | |
Sjanger | Poprock, folkrock | |
Lengd | 33 min. | |
Selskap | Warner Bros. | |
Produsent | Bob Mitchell | |
The Beau Brummels-kronologi | ||
---|---|---|
The Beau Brummels, Volume 2 (1965) |
Beau Brummels '66 | Triangle (1967)
|
Beau Brummels '66 er det tredje studioalbumet til det amerikanske rockebandet The Beau Brummels, og det første dei gav ut på Warner Bros. Records, utgjeve i 1966. Albumet består av tolv coverversjonar og ingen originalar. Autumn Records, som var det førre selskapet deira, hadde selt kontrakten til bandet til Warner Brothers tidleg i 1966.[2] Warner Brothers kontrollerte derimot ikkje publiseringsrettane og fekk derfor bandet til å spele inn eit album med coversongar, mellom anna av artistar som The Beatles og Bob Dylan, og nyare hitsinglar av artistar som The Mamas & the Papas og Simon & Garfunkel.[2] Solovokalisten Sal Valentino forklarte: «Då me kom til Warner Brothers ønskte dei å få ut ei plate kjapt, for å utnytte suksessen me hadde hatt. Den plata var feil å gjere på den tida.»[2]
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [1] |
Don Irving speler gitar på plata. Irving var ei kort stund medlem i The Beau Brummels då han erstatta Ron Elliott,[3] som òg spelte på albumet, men som ikkje kunne turnere så mykje lengre på grunn av problem med diabetes.[2]
Innhald
endreNr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «You've Got to Hide Your Love Away» | John Lennon, Paul McCartney | 3:41 |
2. | «Mr. Tambourine Man» | Bob Dylan | 3:49 |
3. | «Louie Louie» | Richard Berry | 2:10 |
4. | «Homeward Bound» | Paul Simon | 2:44 |
5. | «These Boots Are Made for Walkin'» | Lee Hazlewood | 2:53 |
6. | «Yesterday» | Lennon, McCartney | 2:37 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
7. | «Bang Bang» | Sonny Bono | 1:56 |
8. | «Hang On Sloopy» | Wes Farrell, Bert Russell | 2:52 |
9. | «Play with Fire» | Mick Jagger, Keith Richards | 2:56 |
10. | «Woman» | Bernard Webb [McCartney] | 2:02 |
11. | «Mrs. Brown, You've Got a Lovely Daughter» | Trevor Peacock | 2:39 |
12. | «Monday, Monday» | John Phillips | 2:47 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Beau Brummels '66» frå Wikipedia på engelsk, den 22. oktober 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Allmusic review
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 Unterberger, Richie (2000). Urban Spacemen and Wayfaring Strangers: Overlooked Innovators and Eccentric Visionaries of '60s Rock. San Francisco: Miller Freeman, Inc. s. 178. ISBN 978-0-87930-616-8.
- ↑ «Beau Brummels '66 - Overview». Allmusic (Rovi Corporation). Henta 31. august 2009.