Sal Valentino

Sal Valentino (fødd 8. september 1942 som Salvatore Willard Spampinato) er ein USA-amerikansk rockemusikar, songar og låtskrivar, mest kjend som songar i The Beau Brummels, der han sidan vart låtskrivar òg. Bandet gav ut eit par hittar i USA i 1965, «Laugh, Laugh» og «Just a Little». Han var seinare frontmann i eit anna band, Stoneground, som gav ut tre album tidleg i 1970-åra. Etter å ha kome saman att ved fleire høve med The Beau Brummels, byrja Valentino ein solokarriere, og gav ut det siste albumet sitt, Every Now and Then, i 2008.

Sal Valentino
Sal Valentino.jpg
Sal Valentino i 1974.
Fødd8. september 1942 (78 år)
FødestadSan Francisco
FødenamnSalvatore Spampinato
OpphavSan Francisco i California
AktivSidan 1961
SjangerFolkrock, poprock, garasjerock, bluesrock
InstrumentVokal, gitar, perkusjon
Tilknytte artistarThe Beau Brummels, Stoneground
Verka somSongar-låtskrivar, produsent

DiskografiEndra

Med The Beau Brummels
Med Stoneground
Soloalbum
  • Dreamin' Man (2006)
  • Come Out Tonight (2006)
  • Every Now and Then (2008)
Samarbeid
  • Positively 12th and K: A Bob Dylan Tribute (av Jackie Greene/Sal Valentino & Friends) (2003)

KjelderEndra