Triangle av The Beau Brummels

Triangle
Studioalbum av The Beau Brummels
Språk engelsk
Utgjeve Juli 1967
Innspelt 1967
Sjanger Folkrock, countryrock, psykedelisk pop
Lengd 28:50
Selskap Warner Bros.
Produsent Lenny Waronker
The Beau Brummels-kronologi 
Beau Brummels '66
(1966)
Triangle Bradley's Barn
(1968)


Singlar frå Triangle
  1. «Magic Hollow»
    Utgjeve: August 1967

Triangle er det fjerde studioalbumet til det amerikanske rockebandet The Beau Brummels. Det var produsert av Lenny Waronker og kom ut i juli 1967, og var det første bandet med songar skrivne av vokalisten Sal Valentino og gitaristen Ron Elliott i lag. Bandet brukte element av fantasy og surrealistiske karakterar i songtitlane og tekstane, og arbeidde med ei rekkje studioimusikarar, som var med å gje albumet ein psykedelisk stil. The Beau Brummels var redusert til ein trio med Valentino, Elliott og Ron Meagher på denne tida. Dei tidlegare medlemmane Don Irving (gitar) og John Petersen (trommer) slutta i bandet etter utgjevinga av det førre albumet.

Triangle nådde 197. plassen på Billboard 200-lista og fekk stort sett god kritikk. Kritikarane roste Elliot som låtskrivar og samanlikna vokalen til Valentino med Bob Dylan. Singelen «Magic Hollow» vart rangert som ein av dei 100 beste psykedeliske songane i ei utgåve av magasinet Mojo i 1997.[1]

Bakgrunn endre

I juli 1966 gav The Beau Brummels ut det tredje albumet sitt, og det første for Warner Bros. Records.[2] Beau Brummels '66 var ei samling av coversongar og selde dårleg.[2] Kritikarane kritiserte avgjersla til Warner Brothers om å ikkje gje ut originale songar av bandet,[2] som dei hadde gjort på dei to første albuma sine.[3] Etter utgjevinga av Beau Brummels '66, slutta gitaristen Don Irving i gruppa då han vart kalla inn til det amerikanske forsvaret.[4] Trommeslagaren John Petersen slutta for å bli med poprockbandet Harpers Bizarre.[5] Tidleg i 1967 slutta dei tre attverande medlemmane - vokalisten Sal Valentino, gitaristen Ron Elliott og bassisten Ron Meagher — å turnere for å fokusere på studioarbeid.[4] For det neste albumet sitt, Triangle, møtte bandet Warner Bros.-produsenten Lenny Waronker, som gav bandet frie tøyler til å spele inn originale songar.[6] I følgje Elliott «-ønskte Lenny Waronker å gjere noko kreativt, og eg var med på det.»[7] Under innspelingane slutta Meagher i gruppa då han vart kalla inn til den amerikanske reservestyrken.[8]

Komposisjon endre

Valentino sa Triangle var dels inspirert av fleire dagsturar han tok til California Palace of the Legion of Honor, eit kunstmuseum i San Francisco.[9] Han likte samlinga av flamske portrett og landskapsmåleri frå 1600-talet.[9] Elliott skildra albumet som ein «mytologisk teikneserie om kjærleik, skriven frå rare stader»,[9] og forklarte det som «ei slags stemningssvinging inn i verda som var kring oss på den tida. Verda glei på eit vis ned i denne dopkulturen. Så musikken vart særs eterisk og mystisk».[6] I motsetnad til den generelt streite songane dei spelte inn for Autumn Records, var tekstane på Triangle meir abstrakte med Tolkien-aktige fantasi-element[10] og draumeaktige karakterar, som sigøynaren i «Only Dreaming Now», «Painter of Women», «The Keeper of Time» og «The Wolf of Velvet Fortune», i tillegg til stader som «Magic Hollow».[7]

Elliott, som var den fremste komponisten i bandet, gjekk bort frå dei formelbaserte songane som Autumn Records hadde ønskt.[11] Med kunstnarisk fridom i studio, og sidan dei ikkje turnerte lenger, fokuserte Elliott og Valentino på å skape eit album med songar skrivne og spelte inn spesifikt for studio og utan tanke på at dei skulle framførast på scenen.[11][12] Resultatet vart at Elliott og Valentino samarbeidde som låtskrivarar for første gongen.[6] Fire av songane var skrivne av Elliott med samarbeidspartnaren Bob Durand.[6] Albumet inneheld òg Randy Newman-songen «Old Kentucky Home» og ein coverversjon av Merle Travis sin «Nine Pound Hammer», som begge hinta mot countryrockretninga dei tok på albumet Bradley's Barn i 1968.[7] Av studiomusikarar på albumet finn ein gitaristen James Burton, trommeslagaren Jim Gordon, bassisten Carol Kaye og Van Dyke Parks, som spelte cembalo på «Magic Hollow», og bidrog til den psykedeliske stilen på albumet.[13] Elliott spelte året etter gitar ofr Parks på debutalbumet hans, Song Cycle.[9] Det vert òg nytta strykarar, blåsarar, trekkspel og ymse perkusjon på Triangle.[9]

Utgjeving og mottaking endre

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic     [13]

Albumet kom ut juli 1967 og låg to veker inne på Billboard 200 med 197. plassen som høgaste plassering.[14] Sjølv om det selde dårleg,[15][16] vart albumet ei kultplate og fekk god kritikk.[6][16] Den «uttrykksfulle» vokalen til Sal Valentino vart samanlikna med Bob Dylan av Crawdaddy! i 1968 og av Steve Cropper i Perfect Sound Forever i 2004.[16][17] Ei melding i Electric Roulette i 2007 sa at røysta til Valentino minna om Gene Clark i The Byrds, «men hadde betre tone og kjensle».[18]

Salslister endre

Liste (1967) Plassering
U.S. Billboard 200 197[14]

Innhald endre

Side ein endre

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Are You Happy?»Bob Durand, Ron Elliott2:17
2.«Only Dreaming Now»Elliott, Sal Valentino2:06
3.«Painter of Women»Durand, Elliott2:51
4.«The Keeper of Time»Durand, Elliott2:09
5.«It Won't Get Better»Elliott, Valentino2:02
6.«Nine Pound Hammer»Merle Travis3:19

Side to endre

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Magic Hollow»Elliott, Valentino2:53
2.«And I've Seen Her»Durand, Elliott1:59
3.«Triangle»Elliott, Valentino2:17
4.«The Wolf of Velvet Fortune»Elliott, Valentino4:52
5.«Old Kentucky Home»Randy Newman2:05

Medverkande endre

Kjelder endre

  1. Savage, Jon (June 1997). «100 Greatest Psychedelic Classics». Mojo (Bauer Media Group) 1 (43). ISSN 1351-0193. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Unterberger (2000) p. 178.
  3. Unterberger (2000) p. 177.
  4. 4,0 4,1 Eder, Bruce. «Don Irving - Biography». Allmusic (Rovi Corporation). Henta 3. november 2009. 
  5. Whitburn, Joel (2008). Joel Whitburn's Top Pop Singles, 1955-2006 (11th utg.). Menomonee Falls, Wisc.: Record Research. s. 69. ISBN 978-0-89820-172-7. 
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 6,4 Unterberger (2000) s. 180.
  7. 7,0 7,1 7,2 Unterberger, Richie. Triangle (CD-hefte). The Beau Brummels. 
  8. Tahsler, Bruce (2007). Garage Bands From the Sixties, Then and Now (2. utg.). San Francisco: Teens 'N Twenties Publications. s. 74. ISBN 978-1-4243-1813-1. 
  9. 9,0 9,1 9,2 9,3 9,4 Farrar, Justin F. (1. mars 2006). «Oh, Pioneers». SF Weekly (New Times Media). Arkivert frå originalen 10. juni 2011. Henta 3. november 2009. 
  10. Unterberger, Richie (2003). Eight Miles High: Folk-Rock's Flight from Haight-Ashbury to Woodstock. San Francisco: Backbeat Books. s. 156. ISBN 978-0-87930-743-1. 
  11. 11,0 11,1 Eder, Bruce. «Ron Elliott - Biography». Allmusic (Rovi Corporation). Henta 22. oktober 2020. 
  12. Eder, Bruce; Kergan, Wade. «Sal Valentino - Biography». Allmusic (Rovi Corporation). Henta 22. oktober 2020. 
  13. 13,0 13,1 Montfichet, Stansted. «Triangle - Overview». Allmusic. Henta 22. oktober 2020. 
  14. 14,0 14,1 «The Beau Brummels - Charts & Awards - Billboard Albums». Allmusic. Henta 21. oktober 2020. 
  15. Moon, Tom (2008). 1,000 Recordings to Hear Before You Die. New York: Workman Publishing Company. s. 63. ISBN 0-7611-3963-X. 
  16. 16,0 16,1 16,2 Cooper, Steve (Juli 2004). «The Beau Brummels - Before Triangle and Beyond». Perfect Sound Forever. Henta 22. oktober 2020. 
  17. Williams, Paul (June 1968). «Beau Brummels». Crawdaddy! (Crawdaddy! Magazine, Inc.) 1 (16): 11. ISSN 0011-0833. 
  18. «Buried Treasure - Beau Brummels' Triangle». Electric Roulette (Modculture Media). 4. oktober 2007. Arkivert frå originalen 24. februar 2008. Henta 20. oktober 2020.