Northamptonshire
Northamptonshire (tidlegare County of Northampton, forkorta Northants. eller N/hants) er eit grevskap i engelske Aust-Midlands med kring 685 000 innbyggjarar. Det grensar til Warwickshire i vest, Leicestershire i nord, Rutland i nord, Cambridgeshire (inkludert byen Peterborough) i aust, Bedfordshire i søraust, Buckinghamshire (inkludert Milton Keynes) i sør, Oxfordshire i sørvest og Lincolnshire (den kortaste grevskapsgrensa i England på 19 m) i nrodaust. Administrasjonsbyen er Northampton.
Northamptonshire | |
---|---|
![]() | |
Geografi | |
Status | Seremonielt og ikkje-metropolitansk grevskap |
Region | Aust-Midlands |
Areal | 2 364 km² |
Demografi | |
Folketal - Totalt (2008) - Folketettleik |
685 000 289,8 /km² |
Etnisitet | 95,1% kvite 2,0% sørasiatiske 1,2% svarte |
Distrikt | |
![]() |
Peterborough høyrte historisk sett til Northamptonshire, men vart i 1888 eit eige grevskap, og så i 1974 ei sameint styresmakt i Cambridgeshire.
Kjelder Endra
- Denne artikkelen bygger på «Northamptonshire» frå Wikipedia på engelsk, den 28. november 2009.