Before We Were So Rudely Interrupted
Before We Were So Rudely Interrupted Studioalbum av The Original Animals | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | August 1977 | |
Innspelt | Rolling Stones Mobile Studio på Goulds Farm | |
Sjanger | Rock, bluesrock, rhythm and blues | |
Selskap | Barn Records (original) Jet (USA) | |
Produsent | Chas Chandler | |
The Original Animals-kronologi | ||
---|---|---|
The Greatest Hits of Eric Burdon and The Animals (1969) |
Before We Were So Rudely Interrupted | Ark (1983)
|
Before We Were So Rudely Interrupted er eit album frå 1977 av The Animals, her kalla The Original Animals.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
Rolling Stone Record Guide | (1979) |
Historie
endreDette var ei gjenforeining av dei fem originale medlemane i Animals frå den første iknarnasjonen deira med Eric Burdon, Alan Price, Hilton Valentine, Chas Chandler og John Steel. Det var den første nye innspelinga deira sidan 1965. Bassisten Chandler produserte albumet for Barn Records.
Tittelen syner til den første setninga i den første artikkelen til William Connor i Daily Mirror etter den andre verdskrigen: «As I was saying before I was so rudely interrupted,...».
Albumet vart remastra og gjeven ut på CD i 2000 av Repertoire Records.
Mottaking
endreAlbumet fekk god kritikk då det kom ut. Rolling Stone-skribent Dave Marsh kalla det «overraskande bra, eit enkelt album med den originale besetninga, igjen dominert av Price og Burdon». Bruce Eder frå Allmusic kalla det «ikkje langt frå ein tapt klassikar».
Albumet selde derimot svakt og det vart ikkje halden ein turne. Stilen høvde heller ikkje inn med punkrocken og discoen som var populær på denne tida. Albumet nådde 70. plass på lista i USA, 24. plass i Nederland og gjekk ikkje inn på lista i Storbritannia i det heile.
Innhald
endreNr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Brother Bill (The Last Clean Shirt)» | Jerry Leiber, Mike Stoller, Clyde Otis | 3:18 |
2. | «It's All Over Now, Baby Blue» | Bob Dylan | 4:39 |
3. | «Fire on the Sun» | Shaky Jake (James D. Harris) | 2:23 |
4. | «As the Crow Flies» | R. Stanley | 3:37 |
5. | «Please Send Me Someone to Love» | Percy Mayfield | 4:44 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
6. | «Many Rivers to Cross» | Jimmy Cliff | 4:06 |
7. | «Just a Little Bit» | John Thornton, Ralph Bass, Earl Washington, Piney Brown | 2:04 |
8. | «Riverside County» | Eric Burdon, Alan Price, Hilton Valentine, Chas Chandler, John Steel | 3:46 |
9. | «Lonely Avenue» | Doc Pomus | 5:16 |
10. | «The Fool» | Naomi Ford | 3:24 |
Medverkande
endre- Det originale Animals
- Eric Burdon – vokal
- Alan Price – klaverinstrument
- Hilton Valentine – gitar
- Chas Chandler – bass
- John Steel – trommer
- Teknisk
- Alan O'Duffy - lydteknikar
- Paul Hardiman - miksing
- Jo Mirowski - design
- Terry O'Neill - fotografi