Beijing si historie

Beijing si historie går over 3000 år tilbake.[1][2] Før Kina blei sameint under den første keisaren (Qin Shi Huang) i 221 fvt., hadde Beijing vore hovudstad for statane Ji og Yan gjennom fleire hundreår. I dei første tusenåra av det kinesiske keisarriket var Beijing ein provinsby i Nord-Kina. Han fekk ei viktigare stilling på 900- til 1200-talet, då dei nomadiske khitanarane og skogbuande jurtsjenarane frå utsida av Den kinesiske muren trengde sørover og gjorde byen til hovudstad for sine dynasti, Liao og Jin. Då Kublai Khan gjorde byen under namnet Dadu til hovudstad for det mongol-styrte Yuan-dynastiet (1279–1368) blei heile Kina styrt frå Beijing for første gong. Frå 1279 av, bortsett frå tidsromma 1368-1420 og 1928-1949, blei Beijing verande kinesisk hovudstad. Han var sete for Ming-dynastiet (1421–1644), det mandsjuiske Qing-dynastiet (1644–1912), den tidlege Republikken Kina (1912–1928) og den noverande Folkerepublikken Kina (frå 1949).

Framstilling av Den forbodne byen i Beijing frå 1400-talet.

Byrjing endre

 
Behaiparken si Qionghua-øy der Daning-slottet låg

Den første hendinga i Beijing si historie som synest å vera stadfesta av arkeologiske funn kan daterast til 1000-talet fvt., då Zhou-dynastiet erobra Shang-dynastiet. Ifølgje Sima Qian (d. 86 fvt.) skal kong Wu av Zhou i det ellevte året av regjeringstida si ha avsett den siste Shang-kongen og delt ut titlar frå riket, som herredømet over bystatane Ji (薊) og Yan (燕).[3] Det er funne bronsegods med innskrifter som byggjer opp om desse hendingane.

Jin-dynastiet sin hovudstad Zhongdu vart bygd på ein stad i det noverande Xicheng-distriktet i Beijing.

Daning-slottet (Dànínggōng) vart bygt i 1179 av keisar Jin Zhangzong ved den kunstige innsjøen Taiye (Tàiyèchí).[4]

Erobringar endre

Hovudstaden Zhongdu vart øydelagd av Djengis Khan i 1215. Den mongolske herskaren Kublai Khan kom til Daning-slottet i 1261, og i 1264 vedtok og sørgde han for at hovudstaden vart bygd kring Taiye-vatnet og øya som slottet lå på.[5][6] Bygginga av bymuren til den framtidige hovudstaden Khanbalik også kjend som Dadu, byrja same året.

Eit år etter skipinga av Yuan-dynastiet i 1271, proklamerte keisaren hovudstaden sin her med namnet Dadu.[7]

Hongwu-keisaren sende ein hær til Khanbaliq i 1368. Byen var erobra, keisarpalasset vart jamna med jorda, og namnet på staden vart endra til Beiping ('nordleg fred').[8]

I 1403 endra Yongle-keisaren namnet på byen til Beijing (北京, 'nordleg hovudstad'), og gav byen status på linje med den sørleg hovudstaden, Nanjing. Dette var første gongen det moderne namnet til byen blei brukt. Området rundt byen fekk namnet Shuntian Fu (顺天府).[9] Frå 1403 til 1420 sette Yongle i gang veldige byggeprosjekt i den nye hovudstaden. Nokre av dei best kjende historiske bygga i Beijing, som Den forbodne byen og Himmeltempelet, blei til då. Soltempelet, Soltempelet og Månetempelet blei lagde til av den daoistiske Jiajing-keisaren i 1530.

Moderne tid endre

Beijing arrangerte Sommar-OL 2008.

Namn som tidlegare har vore nytta om byen endre

Byen har hatt fleire namn, og lista nedanfor tek også med namn på fortida sine administrasjonseiningar innanfor noverande Beijing.

Kjelder endre

  1. Steve Luck (22. oktober 1998). Oxford's American Desk Encyclopedia. Oxford University Press US. s. 89. ISBN 0-19-521465-X. «A settlement since c. 1000 BC, Beijing served as China's capital from 1421 to 1911.» 
  2. Ashok K. Dutt (1994). The Asian city: processes of development, characteristics, and planning. Springer. s. 41. ISBN 0-7923-3135-4. «Beijing is the quintessential example of traditional Chinese city. Beijing's earliest period of recorded settlement dates back to about 1045 BC.» 
  3. Hou 1998: 38
  4. Rinaldi, Bianca. The Chinese Garden: Garden Types for Contemporary Landscape Architecture, p. 137. Walter de Gruyter, 2011. Accessed 16 November 2013.
  5. Hou 1998: 134
  6. Hou 1998: 56
  7. The New Encyclopædia Britannica (Encyclopædia Britannica, Chicago University of, William Benton, Encyclopædia Britannica), s 2
  8. Ebrey, Patricia Buckley. The Cambridge Illustrated History of China. Cambridge: Cambridge University Press, 1999. ISBN 0-521-66991-X and Li, Dray-Novey & Kong 2007: 23
  9. «An Illustrated Survey of Dikes and Dams in Jianghan Region». World Digital Library. Henta 9. mai 2013. 
Bibliografi
  • Hou, Renzhi (1998). The Works of Hou Renzhi. Beijing: Peking University Press.

  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.