Opna hovudmenyen

Beit Nir (hebraisk skrift בֵּית נִיר, tyder Nirhuset) er ein kibbutz nær Lakhish i Israel. Han høyrer til Yoav regionale kommune og er eit medlem av Kibbutzrørsla. Han har kring 115 medlemmar.

Beit Nir
landsby
Beit nir.JPG
Land Flag of Israel.svg Israel
Region Lakhish
Distrikt Det sørlege distriktet
Koordinatar 31°38′52.08″N 34°52′26.03″E
Folketal 303 (2008) [1]
Grunnlagd 1955–1957
 - Grunnlagd av Hashomer Hatzair
Tilhøyrsle Kibbutzrørsla
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Beit Nir

Beit Nir vart grunnlagd i august 1957 av ei rekkje nybyggjarar frå Hashomer Hatzair. Beit Nir ligg på landområdet til den palestinske landsbyen Kudna, som vart avfolka i 1948.[2] Namnet «Beit Nir» er ei omsetjing av namnet til dr. Bundheimer, ein leiar for sionisme i Tyskland.

Hovudnæringa til kibbutzen er jordbruk og produksjon av mineralvatn og smykke.

Kibbutzen vart slått saman med Gat til føretaket «Ganir», som produserer juice for eksport og sal i Israel. I Israel vert juicane selde under merkenamnet Primor (פרימור).

KjelderEndra

  1. «Locality File» (XLS). Israelsk statistisk sentralbyrå. 2008. Henta 8. april 2015. 
  2. Khalidi, 1992, s. 218

BakgrunnsstoffEndra