Beit Yanai
Beit Yanai (hebraisk skrift בֵּית יַנַּאי, tyder 'Yanaihuset') er ein moshav sentralt i Israel. Han ligg på Sharonsletta ved kysten av Middelhavet kring 6 km nord for Netanya og høyrer til Heferdalen regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 399.
Beit Yanai | |||
moshav | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Region | Sharonsletta | ||
Distrikt | Sentral | ||
Kommune | Heferdalen | ||
Koordinatar | |||
Grunnlagd | 1933 | ||
- Grunnlagd av | Litauiske og polske immigrantar | ||
Tilhøyrsle | Jordbruksunionen | ||
![]() Beit Yanai | |||
Wikimedia Commons: Bet Yanay | |||
Moshaven vart grunnlagd i 1933 av immigrantar frå Litauen og Polen, og vart kalla opp etter Alexander Jannaeus (på hebraiske kalla Alexander Yanai), ein hashmoneisk konge. Det var fleire amerikanarar blant dei første nybyggjarane. [1]
Han tok seinare i mot fleire immigrantar frå Sør-Afrika. I 1947 var folketalet over 100 innbyggjarar.[1]
Kfar Vitkin-kaien vart bygd i 1938 nord for moshaven. Altalena låg til kai der, og vart nytta til å eksportere sitrus.
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Beit Yanai» frå Wikipedia på engelsk, den 26. juli 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: