Opna hovudmenyen

Beit Yanai (hebraisk skrift בֵּית יַנַּאי, tyder Yanaihuset) er ein moshav sentralt i Israel. Han ligg på Sharonsletta ved kysten av Middelhavet kring 6 km nord for Netanya og høyrer til Heferdalen regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 399.

Beit Yanai
moshav
KfarVitkinPier.JPG
Land Flag of Israel.svg Israel
Region Sharonsletta
Distrikt Sentral
Kommune Heferdalen
Koordinatar 32°22′47″N 34°51′47″E
Grunnlagd 1933
 - Grunnlagd av Litauiske og polske immigrantar
Tilhøyrsle Jordbruksunionen
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Bet Yanay

Moshaven vart grunnlagd i 1933 av immigrantar frå Litauen og Polen, og vart kalla opp etter Alexander Jannaeus (på hebraiske kalla Alexander Yanai), ein hashmoneisk konge. Det var fleire amerikanarar blant dei første nybyggjarane. [1]

Han tok seinare i mot fleire immigrantar frå Sør-Afrika. I 1947 var folketalet over 100 innbyggjarar.[1]

Kfar Vitkin-kaien vart bygd i 1938 nord for moshaven. Altalena låg til kai der, og vart nytta til å eksportere sitrus.

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 Jewish National Fund (1949). Jewish Villages in Israel. Jerusalem: Hamadpis Liphshitz Press. s. 22.