Belaja Kholunitsa

Belaja Kholunitsa (russisk Бе́лая Холуница) er ein by i Kirov oblast i Russland med om lag 12 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Belaja Kholunitsa, ei sideelv til Vjatka), 82 km nordaust for Kirov.

Belaja Kholunitsa
Белая Холуница
Horisonten til
Horisonten til
Plassering
Belaja Kholunitsa is located in Russland
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Kirov oblast
Grunnlagd
Bystatus
1764
1965
Geografi
Innbyggjarar
 - Totalt (2005)

11 700
Koordinatar 58°50′N 50°51′E / 58.833°N 50.850°E / 58.833; 50.850
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Retningsnummer (tlf) +7 83364

Belaja Kholunitsa vart grunnlagd i 1764 då eit jernverk vart bygd her, som busetnaden Kholunitskij (russisk: Холуницкий). Han vart seinare omdøypt Belokholunitskij (russisk: Белохолуницкий) då elva han låg ved fekk nytt namn. Staden fekk bystatus i 1965.

Verksemder i byen er i hovudsak knytt til handsaming og foredling av trevirke. Det finst førekomstar av jernmalm, leire, grus, kalk og torv på i området rundt byen.

Kjelder endre

  Denne geografiartikkelen som har med Russland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.