Opna hovudmenyen

Belledonne (fransk: La chaine de Belledonne) er ei fjellkjede i Dauphiné-Alpane i Dei franske Alpane. Den sørlege enden av kjeda dannar austveggen i fjellet rundt byen Grenoble.

Belledonne
fjellkjede
Massif belledonne.jpg
Dei tre største toppane i Belledonne, sett frå nordvest.
Land Flag of France.svg Frankrike
Fjellkjede Dauphiné-Alpane
Høgd Grand Pic de Belledonne: 2 977 moh moh.
Koordinatar 45°03′N 05°48′EKoordinatar: 45°03′N 05°48′E
Wikimedia Commons: Belledonne

Frå Grenoble og skiområda rundt har ein eit praktfullt utsyn mot fjellkjeda. s.

GeografiEndra

Fjellkjeda er om lag 60 km lang og 10 km brei, og går frå om lag 16 km søraust for Grenoble og nordaustover til området nær byen Aiguebelle. Det høgaste punktet er Grand Pic de Belledonne på 2 977 m.

Rundt fjellkjeda ligg dalane Grèsivaudan (der elva Isère renn gjennom) i vest, Arcdalen i nord og Romanchedalen i sør. Fjellkjeda har minst 16 toppar over 2 500 meter, 10 isbrear og 26 alpine innsjøar. Den høgaste av desse ligg 2 400 meter over havet.

Fjellkjeda er delt inn i fleire geologiske område: Grand Arc, Lauzière, Sept-Laux, Belledonne og Taillefer [1]

Eit kjenneteikn i fjellkjeda er Belledonne-balkongen (fransk: Le Balcon de Belledonne) som er eit 30 km langt platå på vestsida av fjellkjeda. Smeltevatn frå isbreane renn over platået i elvar som har erodert ut smale kløfter. Platået har lenge vore nyta som beitemark for kyr, i tillegg til andre jordbruksaktivitetar.

FjelltopparEndra

  • Le Grand Pic de Belledonne, 2 977 m. (det høgaste punktet i fjellkjeda)
  • Le Rocher Blanc, 2 927 m.
  • La Croix de Belledonne, 2 926 m.
  • Les Aiguilles de l'Argentière, 2 915 m.
  • Le Rocher Badon, 2 912 m.
  • La Pyramide, 2 912 m.
  • Le Puy Gris, 2 908 m.
  • Le Bec d'Arguille, 2 891 m.
  • L'Aiguille d'Olle, 2 885 m.
  • Le Rocher d'Arguille, 2 885 m.
  • La Pointe de Comberousse, 2 866 m.
  • La Grande Lance d'Allemond, 2 842 m.
  • Le Charmet de l'Aiguille, 2 826 m.
  • La Pointe de la Porte d'Eglise, 2 812 m.
  • Le Pic du Frêne, 2 807 m.
  • Le Pic du Grand Doménon, 2 802 m.
  • Le Grand Morétan, 2 800 m.
  • La Grande Lance de Domène, 2 790 m.
  • Le Grand Charnier d'Allemont, 2 777 m.
  • Le Pic Couttet, 2 764 m.
  • Le Grand Crozet, 2 762 m.
  • Le Pic de la Grande Valloire, 2 758 m.
  • La Selle du Puy Gris, 2 758 m.
  • Le Rocher de l'Homme, 2 755 m.
  • Roche Rousse, 2 753 m.
  • Le Pic Lamartine, 2 752 m.
  • La Grande Lauzière, 2 741 m.

IsbrearEndra

  • Glacier de la Sitre
  • Glacier de Freydane
  • Glacier de l'Amiante
  • Glacier du Rocher Blanc
  • Glacier de la Combe Madame
  • Glacier de l'Argentière
  • Glacier d'Arguille
  • Glacier du Puy Gris
  • Glacier du Gleyzin
  • Glacier de Claran

FjellovergangarEndra

  • Col de la Pra, 2 171 m.
  • Col de Belledonne, 2 785 m.
  • Col de Freydanne, 2 645 m.
  • Col de la Mine de Fer, 2 400 m.
  • Brèche de Roche Fendue, 2 482 m.
  • Pas de la Coche, 1 989 m.
  • Col des Sept Laux, 2 184 m.
  • Col de la Croix, 2 529 m.
  • Col du Tepey, 2 716 m.
  • Col de la Valloire, 2 751 m.
  • Col du Merlet, 2 286 m.
  • Col de la Bourbière, 2 352 m.
  • Col de la Frèche, 2 183 m.
  • Col de la Perrière, 2 003 m.
  • Col de la Perche, 1 984 m.
  • Col de Roche Noire, 2 629 m.
  • Col de la Balmette, 2 667 m.

InnsjøarEndra

  • Lac Achard, 1 917 m.
  • Lac Robert, 1 998 m.
  • Lac Longet, 2 027 m.
  • Lac Merlat, 2 044 m.
  • Lac du Crozet, 1 974 m.
  • Lac du Petit Doménon, 2 380 m.
  • Lac du Grand Doménon, 2 385 m.
  • Lac de la Sitre, 1 952 m.
  • Lac de Belledonne, 2 163 m.
  • Lac Blanc, 2 161 m.
  • Lac de Crop, 19 06 m.
  • Sept Laux
  • Lac de la Sagne, 2 065 m.
  • Lac de la Corne, 2 083 m.
  • Lac Jeplan, 2 144 m.
  • Lac de l'Agnelin, 2 327 m.
  • Lac du Cos, 2 182 m.
  • Lac Blanc, 2 248 m.
  • Lac Cottepens, 2 128 m.
  • Lac Carré, 2 128 m.
  • Lac de la Motte, 2 128 m.
  • Lac Noir, 2 091 m.
  • Lac de la Croix, 2 415 m.
  • Lac de la Folle, 2 142 m.
  • Lac Blanc, 2 124 m.
  • Lac Noir, 2 268 m.
  • Lac des Balmettes, 2 196 m.

NamnEndra

Opphavet til namnet er ikkje klart. «Belle donne» tyder «vakker kvinne» på italiensk, men tyder ikkje dette på oksitansk, som er det gamle språket i området, og som mest sannsynleg er kjelda til namnet. Frå ein viss vinkel ser derimot den høgaste toppen, Grand Pic du Belledonne ut som ei kvinne som held eit barn.

DyrelivEndra

I desse fjella kan ein finne murmeldyr, gemse, steinbukk og tiur. Rapportar tyder på at det òg har vore ulv her sidan 1998.

KjelderEndra