Benedict Anderson

Benedict Richard O'Gorman Anderson (26. august 193613. desember 2015) var ein irsk-amerikansk sosialantropolog og statsvitar, professor i internasjonale studiar ved Cornell University i USA. Han er særleg kjend for sine teoriar om nasjonalismen og framveksten av statar baserte på førestillinga om den eigne nasjonen. Anderson var fødd i Kunming i Kina, voks opp i California og døydde i Batu på Aust-Java i Indonesia. Historikaren Perry Anderson var bror hans.

Benedict Anderson
FøddBenedict Richard O'Gorman Anderson
26. august 1936
Kunming
Død13. desember 2015
Batu
NasjonalitetIrland
Områdestatsvitskap, sosiologi, historiografi
Yrkeuniversitetslærar, statsvitar, skribent, antropolog, filosof, historikar
InstitusjonarCornell University
Alma materEton College
Cornell University
King's College
DoktorgradsrettleiarGeorge McTurnan Kahin
MedlemAmerican Academy of Arts and Sciences

Førestilte samfunn endre

Andersons mest kjende verk er Imagined Communities som kom ut i 1983. I boka, som snøgt fekk klassikarstatus, analyserer han dei viktigaste faktorane til framveksten av nasjonalismen i dei siste tre hundreåra. Systematisk held han desse opp mot ein synsmåte nemnd for historisk materialisme, eller marxisme. Han hevdar at viktigaste grunnane til nasjonalisme og skapinga av eit førestilt samfunn er reduksjonen i den privilegerte tilgangen til særlege språk og skrifter i desse (td. latin), rørsla for avskaffinga av ideane om guddommeleg styre og monarki, samt den sterke utbreiinga av prenteverk under eit kapitalistisk system.

Teoriane til Anderson høyrer til mellom dei som vert kalla modernistiske i sitt syn på nasjonalismen. Til grunn for desse låg ei oppfatning om nasjonen som eit mentalt landskap, som ei psykologisk masserørsle. Ved å sjå nasjonalismen som eit moderne fenomen, plasserte han kjeldene til omgrepet nasjon til slutten av 18. hundreåret. Han hevda at den europeiske nasjonalstaten oppstod som ein respons på den nasjonalismen som hadde utvikla seg i den europeiske diaspora; dei to Amerika (sør og nord). Bygging av ein nasjonalstat oppfattar han som ei etterliknings-handling, nye politiske einingar i Europa kopierer, på sitt vis, modellen til nasjonalstaten (i særleg grad USA). Dei mange politiske einingane som oppstod i vest i tidsrommet mellom 1778 og 1838, og som sjølvbevisst definerte seg som nasjonar, var historisk dei fyrste slike statane og vart då opplagt modell for korleis slike statar skulle vere.

Nasjonalisme og prenting endre

Same året som Anderson sitt hovuvderk kom ut, gav Ernest Gellner ut Nations and Nationalism. Også i dette verket er perspektivet modernistisk, men der Gellner plasserte basen for nasjonstenkinga i industrialismen og dei fysiske strukturendringane som fylgde moderniseringa, peika Anderson på dei antropologiske konsekvensane av den same moderniseringa. Kva massepsykologiske faktorar låg bakom nasjonstenkinga, spør han. Korleis vart dei mentale instrumenta for oppretting av nasjonstenking danna?

Ein nasjonal fellesskap føreset ein fellesskap mellom alle nolevande medborgarar innom nasjonen, til liks med det føregåande og med framtida. Denne fellesskapen kan einast vere førestilt, førestillinga må byggast på ei ukjend forlenging av mennesket sin måte å identifisere seg gjennom slektskaps- og vennskapsrelasjonar. Nasjonalkjensla rommar med andre ord, jamført med det tradisjonelle nærsamfunnets fysiske band, ein unik grad av abstraksjon.

All form for sosial fellesskap som går ut over den vesle fellesskapen mann mot mann må vere førestilt, noko dei eldre formene for makrofellesskap i religionssamfunn eller i dynasti gav prov på. Eit avgjerande brot oppstod i tida før den nye trykketeknikken vart spreidd i Europa. Gjennom kombinasjonen av sekularisering og oppbrotet frå føydalsamfunnet med si stengde kapitalisme oppstod den nye forma for «print capitalism». Anderson meinte trykkeverksemda var ein grunnleggjande føresetnad for oppbrotet frå den gamle verdas vertikale kosmologi, til den nye verdas meir horisontalt oppbygde samfunnsordning. Gjennom trykkekapitalismen vart grunnlaget for eit lesande massepublikum skapt. Desse låg til grunn for utviklinga av folkespråka og den for nasjonalismen så avgjerande opplevinga av å vere del av ein språkleg og kulturell fellesskap.

Nasjonstenkinga kan i fylgje Anderson flyttast og tillempast til dei aller fleste former for kollektiv, dersom visse bestemte kriteriar, som til dømes ein fellesarena for massekommunikasjon, er oppfylt. Til det sistnemnde kriteriet for spreiing av den nasjonale tenkinga reknar Anderson fremst tre metoder eller teknikkar: folketeljing, kart og museum.

Det radikale med Anderson si analyse er at han ikkje stoggar ved ei funksjonalistisk utgreiing om etableringa av homogeniseringsinstrument som kartografi, statistikk og nasjonal historieskriving. Han tek eitt steg vidare og spør kva desse instrumenta inneber for konstitueringa av vår oppfatning om samfunnet. Kva for verknader får folketeljinga, karta og nasjonalmuseet når dei presenterer påståtte "folk", administrative grenser og homogene utviklingshistorier? Anderson sine døme får her rolla som perspektivforskyvingar. Den normale oppfatninga om til dømes mercatorprojeksjonens kartbilete over ein nasjon, er at det speglar ein konkret røyndom i abstrahert form. Anderson peikar på den høge graden av abstraksjon som har vorte lagt på røyndomen, nærast eit slags raster, for å skape biletet av eit kvalitativt avgrensa nasjonsområde.

Verket Spectres of Comparison; Nasjonalism, Southeast Asia and the World (1998) fylgjer opp resonnementet frå Imagined Communities ved å gje ei multidisiplinær og komparativ skildring av utvalde nasjonsdanningar i Søraust-Asia.

Bibliografi endre

  • Forestilte fellesskap: refleksjoner omkring nasjonalismens opprinnelse og spredning, 1996
  • Java in a Time of Revolution, 1972
  • Imagined Communities: Reflections on the Origin and Spread on Nasjonalism, 1983
  • In the Mirror: Literature and Politics in Siam in the American Era, 1985
  • Language and Power: Exploring Political Cultures in Indonesia, 1990
  • The Spectre of Comparisons: Nasjonalism, Southeast Asia, and the World, 1998
  • Under Three Flags: Anarchism and the Anti-Colonial Imaginasjon, 2005

Kjelder endre