Benjamin Kipkoech Limo (fødd 23. august 1974) er ein tidlegare friidrettsutøvar frå ein landsby i Uasin Gishu fylke i det vestlege av Kenya. Han vart verdsmeister på 5 000 meter i 2005, seks år etter han vann VM-sølv på same distansen.

Benjamin Limo


Benjamin Limo (til høgre) ved LA Marathon 2009

Statsborgarskap Kenya
Fødd 23. august 1974 (49 år)
Eldoret
Idrett friidrett
Tok del i

Samveldeleikane 2002, Samveldeleikane 2006

Limo deltok utanlands fyrste gongen i terrengløp-VM 1998 i Marrakech i Marokko, der han vart fjerdemann i kort løype. Året etter tok han sølv på 5 000 meter då Friidretts-VM 1999 fann stad i Sevilla. Limo kneip medaljen 0,08 sekund framom Mohammed Mourhit frå Belgia, fram til gullvinnar Salah Hissou frå Marokko var det 0,6 sekund. I 2002 kom Limo på andreplassen på 5 000 meter både i samveldeleikane og i afrikameisterskapen. I begge desse løpa vart han knipe slått av landsmenn, fyrst av Sammy Kipketer med seks hundredels sekund og så av Paul Bitok med 15 hundredels sekund.

Limo sprang sitt livs fortaste 5 000 meter den 4. juli 2003 i Paris, der han fekk notert tida 12.54,9. Høgdepunktet for løparen Limo kom i august 2005 då på 5 000-meteren i verdsmeisterskapen spurtslo eit koppel på åtte mann. Året etter vart han nummer tre på 5 000 meter i samveldeleikane 2006.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

  • VM 1999 i Sevilla: Sølvmedalje på 5 000 m – 12.58,7, bakom Salah Hissou (12.58,1)
  • VM 2005 i Helsinki: Gullmedalje på 5 000 m – 13.32,5, framom Sileshi Shihine (13.32,8)
  • VM 2007 i Osaka: Nr 15 på 5 000 m - 14.01,2

Kjelder endre