Benjamin Netanyahu

Benjamin «Bibi» Netanyahu (fødd 21. oktober 1949 i Tel Aviv) er ein israelsk konservativ politikar, diplomat. Han var den niande statsministeren i Israel frå 1996 til 1999, og vart igjen statsminister frå 2009 til 2021.[1]

Benjamin Netanyahu
Netanyahu official portrait (cropped).jpg
Føddבִּנְיָמִין נְתַנְיָהוּ
21. oktober 1949 (73 år)
Tel Aviv
Statsborgar avIsrael
PartiLikud
Yrkepolitikar, diplomat, statsmann, militær, politisk skribent, statsvitar, international forum participant
InstitusjonarBoston Consulting Group
Utdanna vedCheltenham High School
Massachusetts Institute of Technology
MIT Sloan School of Management
MorZila Netanyahu
FarBenzion Netanyahu
EktefelleSara Netanyahu, Miki Haran, Fleur Cates
BarnNoa Roth, Yair Netanyahu, Avner Netanyahu
VervStatsminister i Israel 1996-1999
FøregangarShimon Peres
EtterfylgjarEhud Barak
VervStatsminister i Israel 2009-
FøregangarEhud Olmert
VervPartileiar i Likud 1993-1999
FøregangarYitzhak Shamir
EtterfylgjarAriel Sharon
VervPartileiar i Likud 2005-
FøregangarAriel Sharon

BakgrunnEndra

Netanyahu har ein bachelor i arkitektur, og ein mastergrad i bedriftsleiing frå MIT. Hun studerte også statsvitskap ved MIT og Harvard.[1]

Politisk karriereEndra

Netanyahu er medlem av det konservative partiet Likud, som han òg var leiar for frå 1993 til 1999 og igjen frå 2005.[2] I det fyrste direkte statsministervalet vann han med eit partiprogram som mellom anna var kritisk til høge tempoet i fredsprosessen med Palestina. Han var i den fyrste perioden sin statsminister frå april 1996 til mai 1999, og er den fyrste og til no einaste israelske statsministeren som er fødd etter opprettinga av staten Israel.

Han var finansminister i regjeringa til Ariel Sharon fram til 7. august 2005, då han sa frå seg denne stillinga i protest mot den israelske tilbaketrekkinga frå Gazastripa.

Tidlegare har han vore ambassadør på Israel sin ambassade til USA (1982–1984), FN-ambassadør (1984–88) og viseutanriksminister (1988–1991).

RettsakEndra

I 2019 vart Netanyahu tiltala for korrupsjon, bedrageri og svindel.[3][4] Saka er enno pågåande.[5]

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 «Benjamin Netanyahu», GOV.IL (på engelsk), henta 2. november 2022 
  2. «Benjamin Netanyahu | Biography, Education, Elections, Nickname, & Facts | Britannica», www.britannica.com (på engelsk), henta 2. november 2022 
  3. NRK (21. november 2019), «Tiltale mot Netanyahu», NRK (på norsk bokmål), henta 2. november 2022 
  4. Heian-Engdal, Marte (20. juni 2021). «Benjamin Netanyahu». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
  5. Turak, Natasha, «Israel's Netanyahu, facing multiple corruption charges, is set for a dramatic comeback in 5th election since 2019», CNBC (på engelsk), henta 2. november 2022 

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedium som gjeld: Benjamin Netanyahu
  Denne politikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.