Berekhya (hebraisk skrift בֶּרֶכְיָה) er ein moshav sør i Israel. Han ligg fire kilometer aust for Ashkelon og høyrer til Hof Ashkelon regionale kommune. I 2006 hadde han 921 innbyggjarar.

Berekhya
landsby
Land  Israel
Region Den sørlege kystsletta
Distrikt Det sørlege distriktet
Kommune Hof Ashkelon
Koordinatar 31°40′14.16″N 34°37′23.51″E / 31.6706000°N 34.6231972°E / 31.6706000; 34.6231972
Folketal 1 274 (2019)[1]
Grunnlagd 1950
 - Grunnlagd av tunisiske immigrantar
Tilhøyrsle Moshavrørsla
Kart
Berekhya
31°40′14″N 34°37′24″E / 31.6706°N 34.623197222222°E / 31.6706; 34.623197222222

Moshaven vart grunnlagd i vinteren 1950 av immigrantar frå den tunisiske øya Djerba[2] som hadde danna eit samfunn med dei var i ein leir i Pardes Hana. Han er bygd på landområdet til den fråflytta arabiske landsbyen Julis, og namnet er eit uttrykk for at grunnleggjarane ønskte velsigning (hebraisk skrift בְּרָכָה, Brakha) frå Gud.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 https://citypopulation.de/en/israel/southern/ashqelon/0746__berekhya/; Wikimedia-import-URL: https://he.wikipedia.org/w/index.php?oldid=29003176.
  2. Place Names in Israel. A Compendium of Place Names in Israel compiled from various sources. Omsett frå hebraisk, Jerusalem 1962 (Israel statsminister’s Office. The israelske Program for Scientific Translations) s.37 (Plasseringa til boka: Ben Zvi Institute Library, 12 Abarbanel St., Jerusalem; i nettkatalogen: [1])