Berg arbeidskyrkje i Brunlanes

Berg arbeidskyrkje er ei arbeidskyrkje i Brunlanes (no Larvik kommune) i Vestfold fylke.

Berg arbeidskyrkje
kyrkje
Berg arbeidskyrkje
Foto: Jan-Tore Egge
Land  Noreg
Fylke Vestfold
Kommune Larvik
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Tunsberg
Prosti Larvik
Sokn Larvik
Fellesråd Larvik
Type Arbeidskyrkje
Arkitekt Børve og Borchsenius ved Reidar Aasen
Teknikk Mur
Material Teglstein
Innvigd 27. januar 2007
Kyrkjegard Nei
Sitjeplassar 350[1]
Kart
Berg arbeidskyrkje i Brunlanes
58°59′08″N 9°52′09″E / 58.98547222°N 9.86928611°E / 58.98547222; 9.86928611
Wikimedia Commons: Berg arbeidskirke (Brunlanes)

Berg trekyrkje hadde stort behov for oppussing på 1970-talet, men ikkje alt vart gjennomført. I staden vart det arbeidd for å byggje ei ny arbeidskyrkje. Etter forseinkingar i samband med kommunesamanslåinga mellom Larvik og Brunlanes kom det fortgang i planane rundt tusenårsskiftet, og arbeidskyrkja vart oppført på Søndersrød i utkanten av Helgeroa, med vigsling 27. januar 2007.

Arbeidskyrkja er hovudsakleg forblenda med teglstein utvendig, medan stopulen er ein trekonstruksjon. Sjølve kyrkjesalen er kvadratisk og har ein takkonstruksjon av limtre. Rommet er møblert med lause stolar.

Arbeidskyrkja har i stor grad teke over som gudstenestekyrkje etter trekyrkja. Det er ikkje kyrkjegard ved arbeidskyrkja. Gravferder skjer fortsatt ved trekyrkja.

Kjelder endre

Fotnotar endre

  1. Ifølge kyrkjeleg fellesråd. Elles varierer overslaga frå 200 på Kyrkjesøk til 600 på iBrunlanes.no.

Bakgrunnsstoff endre