Berg kyrkje i Trondheim
kyrkje i Trondheim
(Omdirigert frå Berg arbeidskyrkje i Trondheim)
Berg kyrkje eller Berg arbeidskyrkje er ei langkyrkje frå 1972 i Trondheim kommune i Trøndelag fylke. Ho ligg i Strinda sokn, Strinda prosti i Nidaros bispedømme.
Berg kyrkje | |||
kyrkje | |||
Berg arbeidskyrkje
Foto: Jan-Tore Egge | |||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
---|---|---|---|
Bispedøme | Nidaros | ||
Prosti | Strinda | ||
Sokn | Strinda | ||
Fellesråd | Trondheim | ||
Stad | Strinda i Trondheim | ||
Type | Langkyrkje | ||
Arkitekt | Tycho Castberg | ||
Teknikk | Mur | ||
Material | Tegl | ||
Innvigd | 19. mars 1972[1] | ||
• Endringar | Utvida i 1981 | ||
Orgel | Frå Ryde & Berg Orgelbyggeri | ||
Sitjeplassar | 250 | ||
Berg kyrkje 63°25′21″N 10°25′30″E / 63.4226°N 10.425°E | |||
Wikimedia Commons: Berg arbeidskirke (Trondheim) |
Byggverket er i mur og har 250 sitjeplassar.[2] Arkitekt for kyrkja var Tycho Castberg.[1]
Store delar av indre utsmykking er laga av friviljuge i kyrkja. Det gjeld mellom anna altartavla.[1] Tavla - «Bønn» - har motivet menneske som ber rundt krossen og er eit altarteppe av Dagfrid Johnsen frå 1971.[3]
Både preikestolen og døypefonten er i tre og frå 1987. Opphavleg hadde kyrkja eit mekanisk sløyfeladeorgel frå Norsk Orgel- og Harmoniumfabrikk frå 1962.[3] I 2004 fekk ho nytt orgel med 9 stemmer og 2 manualar frå Ryde & Berg Orgelbyggeri.[1]
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 Historien til Berg kirke
- ↑ Berg kirke Trondheim frå Kyrkjesøk
- ↑ 3,0 3,1 Alf Henry Rasmussen, red. (1993). «Berg arbeidskirke». Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 261. ISBN 82-7527-022-7.
Bakgrunnsstoff
endre- Berg kyrkje i Trondheim i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren