Opna hovudmenyen

Berg kyrkje i Trondheim

kyrkje i Trondheim

Koordinatar: 63°25′21.068″N 10°25′30.292″E

Berg arbeidskyrkje
kyrkje
Berg arbeidskirke (Trondheim).jpg
Berg arbeidskyrkje
Foto: Jan-Tore Egge
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Nidaros
Prosti Strinda
Sokn Strinda
Fellesråd Trondheim
Stad Strinda i Trondheim
Type Langkyrkje
Arkitekt Tycho Castberg
Teknikk Mur
Material Tegl
Innvigd 19. mars 1972[1]
 - Endringar Utvida i 1981
Orgel Frå Ryde & Berg Orgelbyggeri
Sitjeplassar 250
Wikimedia Commons: Berg arbeidskirke (Trondheim)

Berg arbeidskyrkje er ei langkyrkje frå 1972 i Trondheim kommune i Trøndelag fylke. Ho ligg i Strinda sokn, Strinda prosti i Nidaros bispedømme.

Berg kyrkje i Trondheim is located in Sør-Trøndelag
Plasseringa til Berg kyrkje i Trondheim
Kyrkja frå lufta

Byggverket er i mur og har 250 sitjeplassar.[2] Arkitekt for kyrkja var Tycho Castberg.[1]

Store delar av indre utsmykking er laga av friviljuge i kyrkja. Det gjeld mellom anna altartavla.[1] Tavla - «Bønn» - har motivet menneske som ber rundt krossen og er eit altarteppe av Dagfrid Johnsen frå 1971.[3]

Både preikestolen og døypefonten er i tre og frå 1987. Opphavleg hadde kyrkja eit mekanisk sløyfeladeorgel frå Norsk Orgel- og Harmoniumfabrikk frå 1962.[3] I 2004 fekk ho nytt orgel med 9 stemmer og 2 manualar frå Ryde & Berg Orgelbyggeri.[1]

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Historien til Berg kirke
  2. Berg kirke Trondheim frå Kyrkjesøk
  3. 3,0 3,1 Alf Henry Rasmussen, red. (1993). «Berg arbeidskirke». Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 261. ISBN 82-7527-022-7. 

BakgrunnsstoffEndra