Opna hovudmenyen

Bergen Storsenter, som òg vert kalla Bystasjonen, er eit kjøpesenter i eit bygningskompleks i sentrum av Bergen. Kjøpesenteret Bergen Storsenter, som ligg under eigedomsselskapet Thon Eiendom og har om lag 72 butikkar med om lag 700 tilsette, er samanknytt med den offentlege rutebussterminalen Bystasjonen med sin haldeplass for bybanen, Bystasjonen haldeplass, og dessutan eit stort offentleg parkeringshus i tre plan for personbilar, Bygarasjen. Hovudtilkomsten til Bystasjonen og Bygarasjen går gjennom kjøpesenteret. Ettersom den sentrale rutebilstasjonen i byen har vore her i lange tider, opphavleg kalla Busstasjonen, seinare kalla Bystasjonen, som framleis er namnet på bussterminalen, vert kjøpesenteret òg ofte kalla Bystasjonen.

Bergen Storsenter
Bergen Storsenter.JPG
Offisielt namn Bergen Storsenter
Kallenamn Busstasjonen
Bystasjonen
Stad Bergen i Noreg
Eigar Thon Eiendom
Opna 11. mars 1988 (kjøpesenter)
Butikkar 72
Tilsette 700

Bystasjonen er hovudsenter for kollektivtransport med rutebuss i Bergen, med haldeplassar for både lokalbussar og langdistansebussar. Senteret ligg rett ved jarnbanestasjonen Bergen stasjon, med innelukka fotgjengarovergang over Kaigaten til jarnbanestasjonen.

Bybanen i BergenEndra

Sjå ògEndra

BakgrunnsstoffEndra