Bergen stasjon

stasjon på Bergensbanen

Bergen stasjon ligg i Bergen sentrum, og vart opna i 1913, fire år etter at Bergensbanen var opna på heile strekninga mellom Bergen og Oslo. Stasjonen vart teikna av Jens Zetlitz Monrad Kielland, etter at ein arkitektkonkurranse vart utlyst i 1900, og erstatta den tidlegare jarnbanestasjonen i Bergen, som var teikna og bygd for Vossabanen. I 2003 vart Bergen stasjon freda ved forskrift.

Bergen stasjon


Stasjonsområde
Stad Bergen
Høgd 3,9 moh.
Opna 1913
Arkitekt Jens Zetlitz Monrad Kielland
Linjer og rutedrift
Linje(r) Bergensbanen
Overgang
Bybane Bybanen i Bergen
Kart
Bergen stasjon
Toghallen på Bergen stasjon.
Toghallen på Bergen stasjon er no den einaste i sitt slag i Noreg.

Bergen stasjon, som er endestasjonen for Bergensbanen, er ein såkalla «sekkestasjon». Stasjonsbygningen har symmetrisk grunnplan forma som ein U ikring enden av spora, med toghallen mellom. Toghallen er ein boga fagverkskonstruksjon i stål med store overlysfelt, og har elles taktekking av skiferstein frå Voss. To plattformer strekker seg ut frå toghallen, og er utanfor denne dekt av smale glastak som kviler på Y-forma stålstolpar.

Dei utvendige fasadane på stasjonsbygingen er i gneis frå Skreien i Vaksdal kommune, og taket er tekt med vossaskifer.

Bergensbanen endre

Bergensbanen er ei jarnbane mellom Bergen og Oslo.

Allereie i 1870 vart det lagt fram eit forslag om å byggje ei jarnbane mellom Bergen og Oslo. Men ei avgjerd kom ikkje før i 1894, etter ein lengre diskusjon om kva for ei rute jernbanelinja skulle ha. Særleg i Sogn var støtta for ei fjordlinje sterk. Sogningane ynskte jarnbane over Hemsedalsfjellet eller over Filefjell til Lærdal, eller ein jernbanelinje ned Aurlandsdalen til Aurland. Òg ei linje langs Hardangerfjorden var diskutert.

Men til slutt var det høgfjellsruta som vann fram. Fridtjof Nansens røynsler om geografien frå skituren sin over fjellet i 1884 var medverkande til fastlegginga av ruta. Fyrst vart berre den fyrste biten mellom Voss og Taugevatn godkjend av Stortinget, men i 1898 vart resten av linja òg godkjent.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Bergen stasjon