Bergljot Cecilie Webster (fødd 16. februar 1966) i Oslo, er ein norsk jurist, dommar i Noregs Høgsterett. Ho tok juridisk embetseksamen ved Universitetet i Oslo i 1992. Ho er dotter til tidlegare riksmeklingsmann Reidar Webster.

Bergljot Cecilie Webster
Fødd 16. februar 1966 (54 år)
Oslo
Yrke Høgsterettsdommar

Bergljot Webster har tidlegare arbeidd som advokat hos Regjeringsadvokaten og hos Nordisk Skibsrederforening. Ho blei advokat med møterett for Høgsterett i 1999. Frå 2004 til 2005 var ho partner i advokatfirmaet Sørlie Wilhelmsen ANS. Frå 2006 var ho advokat og partner i advokatfirmaet Hjort DA. Ho blei utnemnd til høgsterettsdommar den 31. oktober 2008. Ho tiltredde i Høgsterett 15. august 2009.