Bergseng Seter er eit tun med 7 restaurerte tømmerhus, som ligg i Grimsdalen i Dovre kommune. Tunet ligg innanfor Grimsdalen landskapsvernområde, mellom Rondane og Dovre nasjonalpark, og med Mesetermyre naturreservat like inntil. Dei eldste husa på tunet er frå 1793.

Her er familievenlege setertun, lett framkommeleg turterreng, fleire kulturminne og ein tradisjonsrik seterdal med historie om drift som går attende til 1500-talet. Staden er eit utgangspunkt for tuppturar. Gjester har tilgang på toalett, dusj og vaskerom, og kan stelle dyr, ri på hest og leige syklar.[1]

15. august 2008 fekk Bergseng Seter tildelt Olavsrosa.[2]

Kjelder endre

  1. «Bergseng Seter». olavsrosa.no. Henta 2. september 2013. 
  2. «Olavsrosa til Bergseng seter i Grimsdalen». Dovre kommune. Henta 2. september 2013. 

Bakgrunnsstoff endre