Dovre nasjonalpark

nasjonalpark i Innlandet fylke, Noreg

Dovre nasjonalpark er ein nasjonalpark som utgjer eit samanhengande villmarksprega område frå Grimsdalen i sør til E6 over Dovrefjell i nord. Nasjonalparken omfattar kommunane Dovre og Folldal i Innlandet. Det aller meste av nasjonalparken ligg over tregrensa. I høgdelaget frå 1100 moh. og opp til 1700 moh. er toppane mjuke og runde. Rundt dei høgste toppane har landskapet eit nær arktisk preg, med spor etter permafrost.

Dovre nasjonalpark
nasjonalpark
Land  Noreg
Fylke Innlandet
Kommunar Folldal, Dovre
Areal 289 km²
Oppretta 24. oktober 2003
Kart
Dovre nasjonalpark
62°05′00″N 9°32′00″E / 62.083333333333°N 9.5333333333333°E / 62.083333333333; 9.5333333333333

Dovre nasjonalpark og den nordlege delen av Rondane er viktige leveområde for villrein. Jakt på villrein er enno ein viktig del av bygdekulturen.

Pilegrimsleia til Nidaros går gjennom Dovre nasjonalpark.

Bakgrunnsstoff

endre