Beringøya (russisk остров Беринга, Ostrov Beringa) ligg utanfor Kamtsjatkahalvøya i Beringhavet. Ho er 90 km lang og 24 km brei og er den største av Kommandørøyane med eit areal på 1660 km².

Beringøya sett frå verdsrommet, mars 1992

Øya er avsidesliggande og vêrhard, men har vore busett sidan 1825.[1] Landsbyen Nikolskoje har 800 innbyggjarar, om lag 300 av dei frå Aleutane. Dei fleste innbyggjarane har fiske som hovudnæring. Beringøya er åslendt og trelaus. Det er ofte tåke og ho er utsett for jordskjelv.

Vitus Bering, som segla i «Svjatoj Pjotr» (St. Peter), forliste og døydde av skjørbuk på Beringøya i lag med 28 av mennene sine.

Øya vert stundom kalla «Den flytande øya» fordi ho «flyt» på begge sider av den internasjonale datolinja.

Langs kysten av Beringøya finn ein havoter og sel.[2].

4 km nordvest for Beringøya ligg den vesle øya Toporkov (Ostrov Toporkov) 55°12′9″N 165°55′59″E / 55.20250°N 165.93306°E / 55.20250; 165.93306 (Toporkov). Ho har ei rund form og ein diameter på om lag 800 meter.

Kjelder endre

Fotnotar endre

Bakgrunnsstoff endre

55°0′N 166°15′E / 55.000°N 166.250°E / 55.000; 166.250