Berit Marit Hætta

Berit Marit Hætta eller Biret Máret Hætta (fødd 1948) er ein norsk samisk illustratør og kostymedesigner.[1] Ho var ein av medlemmene i den legendariske Masi-gruppa, ei samisk kunstnargruppe i 1970-åra.

Berit Marit Hætta
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1948 (76 år)
Yrke illustratør, kostymedesignar, scenograf, forfattar
Prisar Heddaprisen for beste scenografi/kostymedesign saman med Aage Gaup (2000)

Hætta har laga ei rekkje kostyme for Beaivváš Sámi Našunálateáhter, mellom anna til førestillingane Áillohaš, Mun lean Inanna/I'm Inanna, Silbajavri - Sølvvannet og Ridn'oaivi ja nieguid oaidni/The Frost-haired and the Dream-seer.[2]

Hætta illustrerte den fyrste barnebokanordsamisk; Ammul ja álit oarbmealli.[3][4] Boka kom ut i 1976, og var skriven av Marry Aslaksdatter Somby.[5]

Prisar og utmerkingar

endre

Aage Gaup og Berit Marit Hætta vann Heddaprisen i 2000 i kategorien beste scenografi/kostymedesign for scenografien (Gaup) og kostymedesignet (Hætta) til førestillinga Vølunds kvad (Volundda muitalus) ved Beaivváš Sámi Našunálateáhter, produsert i 2000.[6][7]

Kjelder

endre
  1. Berit Marit Hætta; sceneweb.no
  2. «Berit Marit Hætta», sceneweb.no (på norsk), henta 8. mai 2022 
  3. Ammul ja álit oarbmealli
  4. bokmål, Ammul og den blå kusinen,
  5. «– En skrivende hånd når langt». altaposten.no. 14. juni 2019. 
  6. «Sceneweb: The Hedda Award 2000». sceneweb.no (på engelsk). Henta 17. oktober 2019. 
  7. Heddaprisen (31. mai 2017). «2000». Heddaprisen (på hebraisk). Henta 16. januar 2022.