Samisk kunst er ulike former for kunst laga av samiske kunstnarar.

Reinsdyr av John Savio.

Historiske former for samisk biletkunst er helleristingar, som dei i helleristingsområdet i Alta, og dekorasjonar på runebommer. Tradisjonelt handverk eller duodji kan også vera utgangspunkt for kunsthandverk og for rein kunst.[1]

Den fyrste samiske forfattaren Johan Turi illustrerte sjøl boka si Muitalus sámiid birra frå 1910 i ein naivistisk stil som kan minna om den på runebommer og hellerisitngar.[1] Nils Nilsson Skum verka før og etter andre verdskrigen med skildringar av livet og virket til reindriftssamar. På same viset skildra John Savio samisk liv i fleire ulike teknikkar. Frå 1970-talet blei kunstutøvinga utvida både med omsyn til form og innhald, til dømes ved at ein tok for seg politiske emne eller ved at ein fann inspirasjon i duodji. Iver Jåks, Aage Gaup og Ingunn Utsi er døme på kunstnarar som nyttar denne tankegangen. Gaup, Utsi og andre unge kunstnarar skipa i 1978 Masi-gruppa, som var utgangspunkt for skipinga av Sámiid dáidačehpiid searvi (Samiske kunstneres forbund) i 1979. Andre nyare samiske biletkunstnarar er Rose-Marie Huuva, Britta Marakatt-Labba, Synnøve Persen, Hans Ragnar Mathisen og Berit Marit Hætta.[1]

I 2022 blei den nordiske paviljongen ved Venezia-biennalen til ein samisk paviljong.[2] Dei tre kunstnarane Pauliina Feodoroff, Máret Ánne Sara og Anders Sunna var representerte.[3] Alle tok for seg vanskane til samar i alle landa dei bur i som urfolk i møte med styresmaktene.[4][5]

Samisk kunstnerråd (nordsamisk Sámi dáiddaráđđi, SDR) er eit felles administrativt sekretariat for dei fem samiske kunstnarorganisasjonane Juoigiid Searvi, Samisk kunstnerforbund (Sámi Dáiddačehpiid Searvi/Sámi Artists Union, SDS), Samisk Forfatterforening (Sámi Girječálliid Searvi), Samiske Komponister (Sámi Komponisttat) og Sámi Teáhter Searvi (STS). Sámi Dáidačehpiid Searvi er ein sjølvstendig del av Nordisk kunstnerforbund.[1]

Galleri

endre

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Gaski, Harald (4. mars 2022). «samisk kunst». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
  2. «The Sámi Pavilion», Office for Contemporary Art Norway (på engelsk), henta 9. mai 2022 
  3. NRK (24. april 2022), «Samisk kunst på verdensscenen», NRK (på norsk bokmål), henta 9. mai 2022 
  4. Souter, Anna (17. april 2022), «Venice’s Sámi Pavilion Is a Coup for Indigenous Artists», Hyperallergic (på engelsk), henta 9. mai 2022 
  5. Fullerton, Elizabeth; Fullerton, Elizabeth (18. april 2022), «With Sámi Pavilion, Three Indigenous Artists Hope to Highlight the Ongoing Struggles of Their People at the Venice Biennale», ARTnews.com (på engelsk), henta 9. mai 2022