Berlepollen er ein liten fjordarm på nordsida av FrøysjøenBremangerlandet i Bremanger kommune i Vestland. Han har ei lengd på nesten 6 km og er omgjeven av over 500 meter høge og bratte fjell på kvar side.

Grendene Øgarden og Berle, som fjorden er kalla opp etter, ligg ved innløpet til fjorden som berre er om lag 150 meter breitt.