61°50′N 5°07′E / 61.833°N 5.117°E / 61.833; 5.117

Berle
stad
Utsyn over bygda Berle, Berlepollen og Frøysjøen t.v
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Bremanger
Postnummer 6727 Bremanger
Innbyggjarnamn Berlar
Preposisjon i Berle
Kart
Berle
61°49′52″N 5°07′04″E / 61.831111111111°N 5.1177777777778°E / 61.831111111111; 5.1177777777778
Berle is located in Sogn og Fjordane
Plasseringa til Berle

Berle er ei bygd nær Stad på vestkysten av Noreg, ho ligg i Bremanger kommune i Vestland.

Der er busetting på begge sider av Berlepollen, og medan berlebygda fekk vegforbidelse til Skatestraumen gjennom tunnellen Berleporten (860m) i 1976, vart der fyrst bygd veg og tunnell igjennom Blåhammaren (230m) for Berleneset på austsida i 2001.

Berle kyrkje ligg Bremanger sokn og prestegjeld og 1. oktober 1999 vart Berle skild ut frå Bremanger sokn som eige sokn i Bremanger prestegjeld. Kyrkja står oppført på Kirkjehågjen like ved Storeelva.[1]

Staden har ei rik historie som går attende til 700-talet, då Berle var busett av vikingar. Den mest kjende var Berle Kåre. Snorre Sturlason, den islandske historikaren, skriv om Berledrotten, kongen og sønene hans var eit sentralt tema i historiene om Harald Hårfagre. Salbjørg. dotter hans, var farmor til den vidgjetne Egil Skallagrimsson.

I Berle er det fleire spor som peikar tilbake på Vikingtida. På vestsida av Berlepollen, ved garden Berle er det funne blant anna eit sverd og eit spyd. I 1905 vart det funne restane etter eit vikingskip på staden Gotraneset. I eldre kartverk er denne staden nemnt som Góteneset (frå oldn. gudi som betyr gud eller prest), og i rett tyding av det gamle namnet, so skulle denne staden ha namnet Gudeneset. Rett over fjorden Frøysjøen ligg fire vikinggraver ved stranda ved eit landmerke kalla Omvendesskaret. Namnet kan tyda på at gravene er frå tida då Noreg vart kristna.

På 1600-talet var det i nokre år gjestgjevargard og skysstasjon i Berle. Skysskaffar Elling Mogensson Berløff budde på garden Berle-Lillehauge og var registrert som gjestgjevar og skysskaffar i 1640-1650-åra.

I løpet av andre verdskrigen bygde tyske soldatar ein forsvarsbase, som del av altlanterhavsmuren, på Gotraneset for å hindre dei allierte frå å entre Frøysjøen. Her var det fire 10,5 cm kanonar. Dette fortet vart dessutan sikra med 2778 landminer, og med eit stort fjellanlegg.

Namnet Berle er knytt til handel med Bergen, men er ikkje lånt frå Tyskland eller Nederland. Berle er norsk; det stammar frå bygda Berle, tidlegare Berdlu (med ein stum d), seinare Berdle. Bygda sitt namn er nemnt so tidleg som i Egils saga, og berd- stammar frå bord (rand eller kant) frå former i landskapet. Topografien i bygda er særmerkt av to forhold:

  1. Landskapshevinga, som har skjedd sprangvis har etterlate seg markerte kantar (den bratte skråninga, marbakken, under flomålet). For kvar gong landmassane har heva seg, so har det skapt ein ny bord, eller kant.
  2. Ei elv, Storelva, renn frå Berledalen til sjøen. Elva har skore seg ned i morenemassene, og av den grunn er elvebreddene bratte. Dette er den andre forklaringa på opphavet til namnet Berdlu.

Kjende folk frå Berle endre

  • Samson Nilsson Nyborg, (1894–1964), fiskar, direktør i Feitsildfiskernes Salslag, lokalpolitikar, og tildelt Kongens fortenestemedalje i gull 1964.
  • Arvid Bjarne Lillehauge, (f. 1944), politikar (AP), rådmann i Høyanger Kommune, styremedlem i Sogn og Fjordane Energi AS, styreleiar i Kommunekraft AS

Kjelder endre

  1. Kulturminnesøk, «Fetts fk.nr. 1 / Gravminne», kulturminnesok.no (på norsk bokmål), henta 22. mai 2019 

Bakgrunnsstoff endre