Bermudatriangelet

Bermuda-triangelet er kallenamn på eit triangelforma område på ca. 2,5 millionar km² vest i det nordlege Atlanterhavet, Sargassohavet, nord for Karibia mellom Bermuda, Puerto Rico og sørspissen av Florida. Havområdet vart etter ei bok i 1974 feilaktig berykta for uvanleg mange uforklarlege skipsforlis, flystyrtar og forsvinningar, noko som har fått folk til å utvikla ulike teoriar om naturlege og overnaturlege årsaker til ulukkene. 50 skip og 20 fly skal ha «forsvunne sporlaust» dei siste hundre åra.[1] Førestillingar og fantasiar om Bermuda-triangelet har sidan vore vanlege i vestleg populærkultur.

«Bermuda-triangelet» eller «dødens triangel» er eit havområde mellom Bermuda, Puerto Rico og Florida der det angiveleg skal ha skjedd uvanleg mange uforklarlege forsvinninger av skip og fly.
Skonnerten «Carroll A. Deering» forsvann 29. januar, 1921, to dager seinare vart ho funne forlatt i North Carolina av US Coast Guard

Historie endre

Den første omtalen av forsvinningar i området blei skriven i 1940 av E.V.W. Jones i ein artikkel for Associated Press i samband med skipsforlis i området. Jones fortalde om mystiske forsvinningar av skip, båtar og fly, og kalla området Devil's Sea. Det vart nemnt på nytt i 1952 i ein artikkel i Fact Magazine. Vincent Gaddis gav området kallenamnet «Bermudatriangelet» i 1964.

 
Flight 19 var av flytypen Grumman TBF Avenger

Flight 19 var ein sveit på fem torpedobombarar frå den amerikanske marinen på øvingsflyging frå Fort Lauderdale i Florida den 5. desember 1945. Heile besetninga forsvann og vrakrestar av flya er aldri vorte funne.

Berlitz gjer fenomenet allment kjent endre

Det har i lang tid vore mange ulike mytar om hendingar i Bermudatriangelet. Rykta vart allment kjent då Charles Berlitz og J.M. Valentine skreiv boka Dødens triangel (The Bermuda Triangle på engelsk) i 1974. Boka hevdar at uvanleg mange fartøy og fly har forlist eller styrta av uforklarlege grunnar i området.

Larry Kusche undersøkte fenomenet og skreiv i 1975 artikkelen The Bermuda Triangle Mystery – Solved. Han kom fram til at dei fleste forlis skjedde i hardt vêr og at mange av ulukkene ikkje hadde skjedd i området.

Forklaringar på fenomenet endre

Skeptikarar som har undersøkt påstandane om unormal aktivitet i området, har hevda at dei rett og slett er grunnlause, og at det ikkje er fleire uoppklara hendingar der enn andre stadar. Det skal difor ikkje vera noko mysterium å oppklara i det heile, og jakta på forklaringar må reknast som meiningslaus. Likevel har historiene pirra fantasien såpass at mange har foreslått «fornuftige forklaringar».[2]

Magnetfeltet til jorda endre

Ein teori er at ulukkene skjer som følgje av at kompassnåla ikkje peikar mot Nordpolen, men mot den magnetiske nordpolen, noko som i dette området utgjer ein stor skilnad. Det kan forklara enkelte ulukker, der fly har kome ut av kurs og gått tomme for drivstoff. Det kan forklara at fly styrtar, men ikkje noko om båtane. Eit liknande område finst aust for Japan, der det også skjer mange ulukker.

Geologi- eller vêrfenomen endre

Tropiske hav kan rammast plutseleg av kraftig lokalt uvêr, til dømes skypumper. Det finst også tropiske orkanar i området mellom Bermuda og Florida, og desse kan bidra til å auka ulukkestala. I tillegg kan jordskred på havbotnen medføra kjempeutslepp av metangass som kan gjera havet fullt av boblar, som gjer at det vert sterke strøymingar i ulike retningar og båtar dermed kan få slagside.

Metanutslepp endre

Under tilhøve med låg temperatur og høgt trykk vil ei blanding av vatn og metan (eller andre gassar) kunne frysa og danna ein isliknande struktur som vert kalla metanhydrat («metan-is»). Naturlege førekomstar av dette er sidan 1970-talet vorte funne i underjordiske soner både på land og til havs, tildels i store mengder. Slike metanhydrat er vanlegvis stabile, men gassen kan frigjerast ved til dømes jordskjelv og undersjøiske jordskred. Både skip og menneske vil sannsynlegvis søkka i boblefylt havvatn med låg tettleik. Slik gass kan òg forårsaka brann. Metanutslepp har difor i nyare tid vorte lansert som ei forklaring på dei mystiske fly- og båtforsvinningane som skal finna stad i Bermuda-triangelet. Plutseleg frigjering av metaninnhaldet i metanhydrat kan òg vera ei av forklaringane til dei økologiske katastrofane og valdsame klimaforandringane som har skjedd fleire gonger i oldtida til jorda.[3]

Trafikkert område endre

Området i Bermudatriangelet er sterkt trafikkert og det er naturleg at det forsvinn fleire skip og fly i dette området enn i mindre trafikkerte område.

Litteratur endre

Kjelder endre

  1. «Arkivert kopi». Arkivert frå originalen 27. november 2013. Henta 3. oktober 2013. 
  2. The Skeptic's Dictionary: Bermuda (or "Devil's") Triangle
  3. hos USGS[daud lenkje]

Bakgrunnsstoff endre