Bernadette Zurbriggen
Bernadette Zurbriggen (fødd 30. august 1956) frå Saas-Grund i kantonen Valais er ein sveitsisk, tidlegare skirennar. Ho vann sju renn i verdscupen i alpint i tida 1973-77. Fem av sigrane kom i utforløypa, ein i storslalåm og ein i den alpine kombinasjonen (slalåm/utfor).
Bernadette Zurbriggen | |
Statsborgarskap | Sveits |
Fødd | 30. august 1956 (68 år) Saas-Grund |
Idrett | alpint |
Tok del i | Vinter-OL 1976, Vinter-OL 1980, Vinter-OL 1972 |
Aktiv
endreZurbriggen var utforspesialist. Ho var berre i sitt sekstande år då ho meisterskapsdebuterte under vinter-OL 1972 i Sapporo med ein sjuandeplass i utfor. Same plasseringa fekk ho i utforrennet i det neste vinter-OL, 1976, i Innsbruck. Ho deltok då også i slalåm, det enda med 12. plass. I den mellomliggande verdsmeisterskapen i alpint 1974 kom ho på 11. plass i utforrennet. Same plasseringa i same øvinga fekk ho både under verdmeisterskapen 1978 og under vinter-OL 1980 i Lake Placid.
1976-sesongen var Zurbiggen sin beste. Ho kom då på fjerdeplass samanlagt i verdscupen. Tre gongar kom ho på andreplass i utforcupen; 1975, 1976 og 1979. 18 gongar kom ho på pallen i enkeltrenn i verdscupen.
Ho la opp etter 1980-sesongen.
Verdscupsigrar
endreDato | Stad | Land | Øving |
---|---|---|---|
7. mars 1973 | Anchorage | US-Amerika | Storslalåm |
15. januar 1975 | Schruns | Austerrike | Utfor |
31. januar 1975 | Chamonix | Frankrike | Utfor |
3. desember 1975 | Val-d’Isère | Frankrike | Utfor |
8. januar 1976 | Hasliberg | Sveits | Utfor |
22. januar 1976 | Bad Gastein | Austerrike | Kombinasjon |
18. januar 1977 | Schruns | Austerrike | Utfor |
Bakgrunnsstoff
endre- (en) Bernadette Zurbriggen – Profil og resultatoversikt hos FIS
- Denne artikkelen bygger på «Bernadette Zurbriggen» frå Wikipedia på tysk, den 18. januar 2012.