Bernard Goumou (fødd 2. oktober 1960) er ein guineansk politikar som var statsminister i Guinea frå 17. juli 2022 til 19. februar 2024.[1] Han er partipolitisk uavhengig og blei utnemnd av dei militære som tok makta i landet i eit statskupp 5. september 2021. Den dåverande presidenten Alpha Condé blei avsett og fengsla under kuppet, og leiaren for dei militære spesialstyrkane, oberstløytnant Mamady Doumbouya, utnemnde seg sjølv til president. Kuppet blei fordømt av ei rekkje land.

Bernard Goumou

Fødd8. september 1980 (44 år)
Abidjan
Statsborgar avGuinea
Yrkepolitikar
EktefelleChristelle Méniane Doré
Alle verv
  • Guineas statsminister (2022–2024) Sjå dette på Wikidata

Bakgrunn

endre

Før han gjekk inn i politikken var Goumou administrerande direktør i Lanala Assurance frå 2017.[2][3]

Politisk karriere

endre

Etter statskuppet i Guinea 5. september 2021 blei Goumou utnemnd til handels- og industriminister i regjeringa til den fungerande statsministeren Mohamed Béavogui[4] frå 27. oktober 2021.[3] Den 17. juli 2022 blei han utnemnd til fungerande statsminister av president Mamady Doumbouya etter at dei militære hadde erklært Béavogui ueigna til embetet på grunn av helsemessige årsaker.[1] Béavogui hadde då vore fråverande ein månad medan han fekk medisinsk behandling i Italia. Den 21. august blei Goumou utnemnd til statsminister. Utnemninga blei kunngjord på den nasjonale fjernsynskanalen.[5]

Goumou gjekk av som statsminister 19. februar 2024 då regjeringa hans blei oppløyst.[6][7] Han blei etterfølgd av Bah Oury.

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 «Guinée: Bernard Goumou confirmé à la tête du gouvernement» (på fransk). www.jeuneafrica.com. 21. august 2022. 
  2. «Lanala Assurance : un nouvel assureur en Guinée-Conakry» (på fransk). www.atlas-mag.net. 17. oktober 2017. 
  3. 3,0 3,1 «Gouvernement de la Transition (décrets) : 4 ministres nommés par colonel Mamady Doumbouya» (på fransk). www.kalenews.org. 28. oktober 2021. 
  4. Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
  5. «Guinea junta makes interim prime minister Gomou’s appointment permanent». www.alarabiya.net. 21. august 2022. 
  6. Bangoura, Mohamed (19. februar 2024), «Urgent: le gouvernement Goumou dissout, les affaires courantes confiées aux secrétaires généraux (Décret)», Mosaiqueguinee.com (på fransk), henta 14. oktober 2024 
  7. «Pourquoi Mamadi Doumbouya a remercié le gouvernement de Bernard Goumou - Jeune Afrique.com», JeuneAfrique.com (på fransk), henta 14. oktober 2024